– Dette er stas og veldig moro! Det viser kor viktig der er å jobbe med god digital formidling, seier informasjonssjef i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Ingvild Ramstad.
VENTAR REKORD: Informasjonssjef i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Ingvild Ramstad, seier det er stas at bileta blir delt.
Foto: PrivatFylkesarkivet i Sogn og Fjordane opplever ei litt anna type merksemd enn dei er vane med om dagen. Akkurat no frontar nemleg den internasjonale medieaktøren Mashable bilete frå deira samling på sine nettsider.
Mashable har 4,4 millionar følgjarar på Facebook. Til samanlikning når fylkesarkivet til vanleg ut til ein stad mellom 100 og 500 personar når dei legg ut noko på Facebook. Ramstad meiner det ikkje er tilfeldig at fylkesarkivet no når ut med bileta sine.
– Fylkesarkivet har samla inn og arkivert bilete i mange år. Dei har og lenge delt bileta på ein Flickerkonto, og det er ikkje første gang at dei når ut til mange, fortel informasjonssjefen entusiastisk.
Dette er nemleg andre gang at Mashable legg ut bilete frå fylkesarkivet. Også i vår nådde fylkesarkivet sine bilete ut til mange.
- Les også:
- Les også:
Forventar delingsrekord
Ramstad fortel om effekten delinga kan ha.
– Då VG slo opp bileta hadde vi 13.000 visingar. Då bildedelingstenesta Flickr slo det opp, hadde vi 123.000 visingar. No skal det bli spanande å sjå tala no etter at Mashable har publisert bileta. Det blir rekord! seier Ingvild engasjert.
EKSOTISK: Nils Hove and Ingebrigt Nes køyrer med okse og kjerre.
Foto: FylkesarkivetEksotisk
– Det kan nok vere at folk synest det er eksotisk å sjå livet ved fjordane på 1800-talet, seier Ramstad som sjølv synest det er moro å sjå på dei gamle bileta.
HEIME: Johannes Torstad er her fotografert heime på eigen gard i Sogndalsbakken.
Foto: Fylkesarkivet