Hopp til innhold

Så kom endeleg nye-orgelet på plass på Vassenden

Vakre tonar frå nygamalt orgel. Endeleg kan folk på Vassenden nyte orgeltonar når dei går til kyrkje.

Karl Russøy

GLAD GUT: Karl Russøy kan endeleg nyte godlyt frå orgelet på Vassenden.

Foto: Birger Meland / NRK

Men det er slett ikkje noko heilt nytt orgel Vassenden-folket har fått. Det vart opphaveleg bygd i 1899, og dei siste åra før det kom til Vassenden låg det nedpakka i Belfast i Nord-Irland.

Etter tusenvis av dugnadstimar er no det vakre instrumentet teke i bruk, og dei som har bidrege med tusenvis av dugnadstimar kan gle seg stort.

Fuktig problem

– Det er veldig hyggeleg å ha fått lyd i dei fleste pipene, men vi har litt arbeid att enda fordi at det er nokon piper som har lurt oss. I det fuktige klimaet som dei har borte i Wales, der orgelet kom ifrå,så har dei kilane som skal halde tungene på plass, fått stort press på seg. Når dei vart opptørka på Vassenden, so slapp dei taket, fortel Karl Russøy.

Høyr kantor Rune Molvik framføre 'Våren' av Edvard Grieg på det nyinstallerte orgelet på Vassenden.

Han er ein av dei som i desse dagar gler seg over at alt dugnadsarbeidet ikkje har vore fånyttes, snarare tvert imot. Og i kyrkjerommet har orgelet fått si heilt spesielle plassering, med spelepulten nede og pipene oppe på galleriet.

Orgel vassenden

VAKKERT MØBEL: Spelepulten har fått sin plass nede i kyrkjerommet.

Foto: Birger Meland / NRK

Mange dugnadstimar

– Spelepulten har fått plass her nede, det var eigentleg eit alternativ å setje heile orgelet her nede. Men på grunn av pipelengda, så måtte vi då velgje den løysinga å setje orgelet på galleriet og spelepulten nede, fortel Russøy.

– Kor mange timar dugnad har det blitt?

– Eg tippar nok det at vi er oppe i ein 5000 timar. No er belønninga å kunne spele på orgelet. Når vi har har fått dette framsteget, så kan vi setje oss ned og spele, smiler han.

orgelpiper

HØGE PIPER: Orgelpipene er på plass på galleriet.

Foto: Birger Meland / NRK

Godt å få på plass

Han meiner at det no var på høg tid at ein fekk på plass eit orgel i kyrkja.

– Orgelet har kanskje spesielt vore sakna i det høvet det har vore brukt i dag. I ei gravferd høyrer orgelet minst like mykje til, som i eitt bryllup. Men i dei to anledningane der, så er orgelet noko ein forventar når ein kjem inn i ei kyrkje, konkluderer orgelentusiasten.