Hopp til innhold

Festivalsjef: – Dette er eit unikt samarbeid

Kombinasjonen av Gamalostfestival og høgdehopp-konkurranse gir ei unik friidrettsoppleving få andre arrangørar kan vise til.

Kristoffer Nilsen i svevet

FOLKEFEST: Kristoffer Nilsen i svevet under Høgdegallaen i Vik laurdag.

Foto: Terje Målsnes

Høgdegalla i Vik

MIDT I SENTRUM: Slik såg det då publikum venta på at Høgdegallaen skulle komme i gang.

Foto: Terje Målsnes
Kristoffer Nilsen i svevet

FOLKEFEST: Kristoffer Nilsen i svevet under Høgdegallaen i Vik laurdag.

Foto: Terje Målsnes

Det meiner Høgdegalla-general Morten Holmberg i Vik.

Mens resten av den norske friidrettseliten i helga er samla på Florø friidrettsfestival, har høgdehopparane tatt turen til sognebygda.

Nett no går føre seg Høgdegallaen på plassen framfor kommunehuset på Vikøyri. Arrangøren reknar med mellom 1000 og 1500 tilskodarar når Norges beste høgdehopparar skal konkurrere.

– Ei fantastisk stemning

– Vi har eit unikt samarbeid med Gamalostfestivalen. Vi er under deira paraply og har klart å skape ei stemning mellom publikum og utøvarane som er heilt fantastisk. Ungane sit på første parkett, dei får seg ein Lollypopp, ein gratis is. Vi har musikk og vi klarer å skape topp stemning, seier Holmberg.

Heile helga til endes blir den magre gamalosten heidra med det som er den 20. Gamalostfestivalen i rekkja. Etter nokre års opphald er også Høgdegallaen tilbake.

Morten Holmberg

HAR FUNNE FORMELEN: Leiar for Høgdegallaen i Vik, Morten Holmberg.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Galla-leiar Holmberg meiner vikjene har fått til noko som andre arrangørar burde ta lærdom av, mellom anna ved at friidrettesøvinga ikkje føregår på eit idrettsstadion, men midt i sentrum.

– Det er klart ein har utfordringar, til dømes når ein har øvingar som går over to dagar. Men det er viktig å tenke nytt og annleis, her har vi gjort noko som eg trur er ganske unikt i distrikts-Norge, seier han til NRK.no.

Berre måtte ta turen

Blant eliteutøvarane som er samla i Vik i helga er høgdehoppar Kristoffer Nilsen. Han var ikkje i tvil om at seks timar i bil frå Oslo til Sogn var verdt strevet.

Kristoffer Nilsen

- FINST IKKJE LIKNANDE: Høgdehoppar Kristoffer Nilsen meiner det ikkje finst liknande folkefest som den i Vik for norske høgdehopparar.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Det finst ikkje noko liknande stemne i Norge med så mange menneske og god stemning, så då må ein berre ta turen. I tillegg er det eit flott sosialt samkome for oss utøvarane som her kan vere mykje saman også utanfor sjølve konkurransen, seier høgdehopparen før laurdagens konkurranse.

Høgdegallaen utgjer likevel berre ein liten del av eit fullstappa festivalprogram når Gamalostfestivalen markerer 20-årsjubileum denne helga.

– Det skulle berre mange at denne osten fortene ein festival. Meieriet i Vik er det einaste i verda som produserer gamalost, fastslår festivalsjef Erling Stadheim.

Heidrar gamalosten helga til endes

Erling Stadheim

OSTEGENERAL: Erling Stadheim leiar den 20. Gamalostfestivalen i Vik.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Det heile starta med konsert i Hove kyrkje, kulturkveld i Vikjahalli og konsert Vassendgutane i Blixhalli fredag kveld. Laurdag morgon vart det tradisjonen tru arrangert gratis gamalost-frukost i sentrum av Vikøyri, og utover helga står arrangementa i kø både i Vik og Feios.

Etter to tiår meiner eksordføraren som no er festivalsjef at dei har funne den rette forma på arrangementet.

– Det har sjølvsagt gått litt opp og ned både med kvalitet og økonomisk resultat, men dei siste åra har vi lagt oss på eit konsept som eg meiner er den rette for oss. Vi satsar mykje på lokale kulturkrefter, gjer alt på dugnad og det er lag og organisasjonar som gjennomfører dette og som får eit økonomisk utbyte for innsatsen dei legg ned, seier Stadheim.

Mange fekk med seg frukost trass litt regn

FRUKOST I SENTRUM: For mange eitt av høgdepunkta under Gamalostfestivalen. Her frå fjorårets arrangement.

Foto: Odd Inge Gjeraker