Hopp til innhold

Helse Førde er først i verda med ny helikoptermodell

FØRDE (NRK): Nytt ambulansehelikopter skal auke tryggleiken til både personell og pasientar.

TRYGGARE KVARDAG: Nytt og betre utstyr skal gjere både pasientar og personell tryggare.

– Her har me tre store skjermar i cockpiten i tillegg til to GPS-skjermar, seier pilot på luftambulansebasen i Førde, Kjell Ove Frøyset.

Han syner fram det nye ambulansehelikopteret dei skal ta i bruk ved Helse Førde.

Det er eitt av 15 nye helikopter som skal fordelast ut over ulike basar i Noreg. Helikopteret i Førde er det fyrste som blir tatt i bruk i sivil luftfart.

– Det er viktig for Helse Førde, men ikkje minst for befolkninga i Sogn og Fjordane. Det er ein stor dag, seier Børge Tvedt, klinikkdirektør i Helse Førde.

Det nye helikopteret til Helse Førde

FØRSTE I VERDA: Den nye helikopteret i Førde er av modellen Airbus H135 T3H.

Foto: Turid Astrid Reksten / NRK

Aukar evna til å nå fram

Fagleiar Per Magne Tveitane i Luftambulansetenesta HF seier det nye helikopteret vil gjere det sikrare å fly for alle om bord.

– Det aukar tryggleiken til pasientane og kan jamne ut helseforskjellane ved å frakte alvorleg skadde personar til dei store regionale sjukehusa, seier han.

Kjell Ove Frøyset i cockpiten

KLAR TIL Å FLY: Kjell Ove Frøyset er klar for fyrste arbeidsdag i helikopteret i mai.

Foto: Turid Astrid Reksten / NRK

Piloten er ser fram til å nytte helikopteret til nye oppdrag.

– Me får eit helikopter som er kraftigare for bruk til søk og redningsoppdrag i fjellet. Det er eit stort pluss for oss, og som igjen kjem pasientane til gode, seier Frøyset.

Helikopteret har ei betre medisinsk innreiing og eit avansert navigasjonssystem fortel Rune Larsen, lege ved Helse Førde.

– Me føler sjølve flyturen blir tryggare.

Per Magne Tveitane, fagleiar i Luftambulansetenesta HF, framfor det nye helikopteret

SIKRARE: Per Magne Tveitane, fagleiar i Luftambulansetenesta HF, framfor det nye helikopteret som skal betre tryggleiken for pasientar og personell.

Foto: Turid Astrid Reksten / NRK

Dei skal også byrje med ei bakvakt for helikopteret.

Det fyrste i verda

Helikopteret er av modellen Airbus H135 T3H, ein modell som ikkje har vore brukt i sivil luftfart tidlegare.

– Me får ny teknologi som eg tykkjer er veldig interessant og får kanskje utført fleire oppdrag enn det me har klart tidlegare, seier Frøyset.