Hopp til innhold

Nedgang i bilindustrien gjer at fjorden blir fylt opp av skip i opplag

Den akutte krisa i verdsøkonomien får skulda for at fem norskeigde biltransportskip no skal liggje på rekke og rad i den tronge fjordarmen Vetlefjorden i Sognefjorden.

Nabo til bilskip i Vetlefjorden

BAUGEN OG BOGE: Hytteeigar Dag Anton Boge har forståing for at skipa må leggast i opplag, sjølv om dei blir liggande rett framfor hytta hans i Sogn.

Foto: Raymond Lidal / NRK

Oppdatert 20.05 kl. 12:21: Lagt inn kommentar frå Wallenius Wilhelmsen.

Til vanleg fraktar «Asian Emperor» over 6000 bilar jorda rundt. Frå i dag og i lang tid framover blir skipet utsikta til hytteeigar Dag Anton Boge.

– Det er ikkje det vakraste synet vi har sett. Men det er spesielle tider og vi skjønner godt at nokon båtar må i opplag når det ikkje er jobb til dei, seier Boge til NRK.

Krisa i verdsøkonomien blir peikt på som årsaka til at fem norskeigde biltransportskip no skal liggje i den tronge fjordarmen Vetlefjorden i Sognefjorden.

Det er reiarlaget Wallenius Wilhelmsen som eig skipa, som truleg blir liggande i opplag ei god stund framover.

«Asian Emperor» er vel 30 meter breitt og nær 200 meter langt.

«Asian Emperor» i Vetlefjorden 19. mai 2020.

FYLLER FJORDEN: «Asian Emperor» og fire andre bilskip skal dei komande månadane ligge godt synleg i Vetlefjorden i Sognefjorden.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Blir liggande minst eit halvt år

Grunneigar Nils Magnar Feten gjort avtale om å leige ut landfeste til skipa.

– Vi har gjort ein avtale med reiarlaget som varer i eit halvt år, seier Feten til Sogn Avis som skreiv om saka først.

Dei blir dermed utsikta for alle turistane som køyrer den nasjonale turistvegen over Gaularfjellet i sommar.

Vanlegvis vil det vere plass til om lag 30.000 bilar i dei fem skipa.

– Det er fallande etterspurnad etter transport frå kundane våre, mellom anna bilprodusentar over heile verda som har stengt produksjonen sin, seier Anna Larson, som er kommunikasjonssjef for Wallenius Wilhelmsen.

– Vi har eit overskot av fartøy, så for å minske kostnadar legg vi ti fartøy i opplag i Noreg og Malaysia, seier Wilhelmsen.

Stort bilskip blir lagt i opplag i Sognefjorden.

STOR BÅT I FJORDEN: «Asian Emperor» og fire andre slike skip blir liggande lenge i Sognefjorden.

Kraftig nedgang i bileksport

– Når det gjeld konkret dette med bilar, så ser vi at det er ein stor nedgang i eksporten av bilar, seier sjef for marknadsanalyse i shippingselskapet Clarksons Platou, Erik Tønne.

Han peikar mellom anna på at nedgangen i eksporten av bilar frå til dømes Sør-Korea på over 20 prosent i april.

Det er denne nedgangen vi no ser tydeleg midt i Vetlefjorden i Noreg.

– Vi har ein situasjon der den økonomiske krisa som verda er inne i, har ført til vesentleg redusert aktivitet når det gjeld transport til sjøs, seier Tønne.

Det er ikkje første gongen fjordarmen blir arena for krise i internasjonal skipsfart.

Frå 1975 til 1985 låg nokre av dei største tankskipa i verda i opplag i Vetlefjorden. Blant anna «Berge Empress» og «Berge Emperor».

Berge Empress» og «Berge Emperor» i opplag i Vetlefjorden i 1978.

POPULÆRE: På 70- og 80-talet låg fleire skip i opplag i Vetlefjorden. Blant anna «Berge Empress» og «Berge Emperor» som begge blei populære utfartsmål for lokalbefolkning, skuleklassar og turistar.

Foto: Allkunne.no

– Sjøen framleis viktig

Professor på Handelshøgskulen i Bergen, Roar Os Ådland, er ein av dei fremste ekspertane på skipsfart i Noreg.

Han er overtydd om at det at Wilhelmsen legg fem skip i opplag tyder på at dei trur på ein langvarig nedgang i global biltransport som fylgje av koronasituasjonen.

– Ein gjer ikkje slikt om det er snakk om kun eit par månader.

Med unntak av fall i etterspurnaden etter olje fordi folk reiser og flyr mindre, så trur ikkje professoren at koronakrisa vil ha ein langsiktig effekt på transport med skip i verda.

– Det er framleis slik at olje, korn og andre råvarer ikkje vert produsert på same staden der dei vert nytta, så verdshandelen vil framleis føregå i hovudsak til sjøs, seier Ådland.