Fyll og bråk i vest: – Julebordsesongen er i gang

Promillekøyring, slåstkampar og knust pølsedisk er den korte oppsummeringa av politiloggen til Vest politidistrikt.

Politibiler utenfor Ricks

LAGT I JARN: Ein 22-åring ville slåst med ein vektar på ein utestad, men blei i staden lagt i bakken og sendt på glattcelle i handjarn. Biletet er frå april i år.

Foto: Bergen foto og media

– Det har vore nok å gjera, samanfattar operasjonsleiar Terje Magnussen ved Vest politidistrikt natt til sundag.

Politiet i Hordaland og Sogn og Fjordane har i løpet av natta brakt inn tre personar i drukkenskapsarresten. Straumen av telefonar til naudsentralen har vore uvanleg høg.

– I utgangspunktet har det vore mykje rusa personar og bortvisingar frå sentrumsområda. Me merkar at me går inn i julebordsesongen. Slik er det kvart år, så dette er me budd på.

Laster Twitter-innhold

Mann lagt i jarn og frakta til arresten

Operasjonsleiaren trekk fram ein 22 år gamal mann i Bergen som eit godt døme på kva han meiner. Mannen var utagerande og høglydt og tok kvelartak på ein vektar på utestaden Ricks.

– Mannen yppa til bråk og ville slåst med ein av vektarane. Det måtte fleire vektarar til for å få mannen i bakken, og då politiet kom vart det ikkje betre. Han blei lagt i jarn og sit no i arresten i Bergen sentrum, seier Magnussen.

– Det blir ein del slike me må hanskast med på denne tida av året.

Melding om masseslagsmål på Voss

Ein liten time seinare blei ein mann slått i magen ved Ole Bulls plass i Bergen. Ein person blei vist vekk frå sentrum. Kort tid etterpå fekk politiet melding om eit nytt slagsmål og ein krangel mellom ein vektar og ein bargjest, men ingen av dei involverte blei hanka inn.

Det blei også meldt om eit masseslagsmål på utestaden Jazz på Voss. Fleire personar skulle ha barka saman i slåstkamp og seinare stukke av i kvar sin retning.

– Då patruljen kom til staden, fann me ein person, men ingen var skadd. Det verka som at meldinga var noko overdriven, seier operasjonsleiar Magnussen.

Spydde i drosje – angreip sjåføren

Like før klokka 02 fekk politiet melding om at ein mann hadde knust pølsedisken på Shell-stasjonen i Nattlandsveien. Ein patrulje var på staden, men det var uklart om hendinga var eit uhell eller eit resultat av eit medvite val.

I Loddefjord gjekk ein mann til angrep på ein taxisjåfør klokka 02.25. Krangelen oppstod etter at kunden spydde i drosjen, og sjåføren kravde mannen sin telefon som pant etter at han ikkje ville gjera opp for seg.

I tillegg hamna ein bil på taket etter ei ulukke på Osterøy. Ingen blei skadd, men føraren blei frakta til legevakt for sjekk. Politiet stansa også fleire bilistar som køyrde i rus.