Hopp til innhold

Fylket støttar offshorenæringa

– Hordaland fylkeskommune bør gje fem millionar kroner til idéutvikling og bransjesamarbeid i offshorenæringa som slit med kutt og nedbemanning, meiner regiondirektøren.

Heimdal-plattformen

DYSTRE TIDER: Fylkesutvalet avgjer på torsdag om dei vil ta dei fem millionar kronene frå andre formål for å hjelpa olje- og gassnæringa.

Foto: Hydro

– Vi endra disponeringa inntil fem millionar for å leggja til rette for dei behova som næringa har, seier regiondirektør Bård Sandal i Hordaland fylkeskommune

Han meiner fylkeskommunen bør gje fem millionar kroner til idéutvikling og bransjesamarbeid i offshorenæringa som slit med kutt og nedbemanning.

Må samarbeida på tvers

Bård Sandal

GJE MILLIONAR: Regiondirektør Bård Sandal i Hordaland fylkeskommune meiner dei bør gje fem millionar kroner til idéutvikling og bransjesamarbeid i offshorenæringa som slit med kutt og nedbemanning.

Foto: Hordaland fylkeskommune

– Vi ser det som nødvendig å hjelpa olje- og gassnæringa, seier Sandal.

– Er det ei slags naudhjelp til kriseramma bedrifter?

– Nei, det er meir ideutviklingshjelp. Det å jobba smartare, teknologiendring, innovasjon og få til samarbeid på tvers av ulike bedrifter innanfor same bransje er viktig, seier Sandal.

Hjelpa olje-gassnæringa

– Olje- og gassbransjen skal vi ha med oss i 40- 50 år til, men så må vi tenka nytt og vi må tenka det grøne skiftet, og korleis vi kan bruka verdsleiande teknologi på andre område, legg Sandal til.

Desse pengane må i så fall bli tatt frå andre formål. Fylkesutvalet avgjer på torsdag om dei vil ta dei fem millionar kronene frå andre formål for å hjelpa olje- og gassnæringa.