– Dette er ikkje uventa ut frå utviklingstrekka vi har sett dei siste månadane, men at veksten er den største i landet hadde vi nok ikkje venta, seier direktør i NAV Tore Thorsnes.
Arbeidsløysa er likevel lågast i landet, men Thorsnes seier dette fort vil snu om denne utviklinga held fram.
- LES OGSÅ:
996 er heilt ledige
Talet på heilt ledige auka med 125 samanlikna med juni i fjor tilsvarande 14 prosent noko som er mykje jamført med 4 prosent auke på landsnivå.
996 personar er no heilt ledige tilsvarande 1,7 prosent. Berre Rogaland følgjer oss her med same prosenttal.
– Vi ser derimot at veksten i arbeidsløysa har stoppa heilt opp i Hordaland og Rogaland og fleire fylke har redusert arbeidsløysa denne månaden, fortel Thorsnes i eit pressemelding.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Tidene er ikkje gode
Noko av veksten skuldast 42 fleire permitterte, men dette er sjølvsagt også eit teikn på at tidene ikkje er gode.
Auken i arbeidsløysa fordelar seg på mange ulike bransjar som industri, jordbruk, skogbruk og fiske, helse, pleie og omsorg og jordbruk/skogbruk og fiske, alle med om lag 20 fleire ledige.
– Det er såleis ikkje lett å peika på konkrete årsaker til den negative utviklinga i fylket og vi må følgje dette nøye i månadane som kjem, seier Thorsnes.
Høgast arbeidsløyse på kysten
Vågsøy og Selje har framleis høgast arbeidsløyse, med høvesvis 5,0 prosent og 5,1 prosent. Ti kommunar har ei arbeidsløyse på under éin prosent. Aller lågast er Hyllestad med berre 0,4 prosent.
135 av dei heilt ledige i fylket er permitterte. Dette er 42 fleire enn i juni fjor og 65 av desse kjem frå fiskeindustrien. I juni vart det lyst ut 453 ledige stillingar i Sogn og Fjordane. Det er ein reduksjon på 94 frå juni i fjor.