Urovekkande, meiner leiar Anders Felde i Sogn og Fjordane Bondelag.
– Eg er veldig redd for at vi svekkjer Sogn og Fjordane både næringsmessig og befolkningsmessig dersom alle organisasjonane legg sjefsmyndet til Bergen. Eg håpar mange vel å ikkje gjere det eller vel å sitte stille i båten.
Han syner til Innovasjon Norge, som frå 1. november skal ha felles leiing for Hordaland og Sogn og Fjordane, med sjef i Bergen.
HAR VORE DISKUTERT: Leiar Anders Felde i Sogn og Fjordane Bondelag.
Foto: Rune Fossum / NRK– Det same har skjedd med NHO. Det er ein veldig dårleg start. Eg håpar at andre organisasjonar legg hovudkontoret sitt til Sogn og Fjordane dersom vi skal greie å utvikle det til eit fantastisk fylke i framtida.
Men også bondelaget er i gang med å tenke samanslåing.
– På årsmøtet i Norges Bondelag i neste veke er det framlegg til endring i lovene, slik at ein kan ha to fylkeslag i ein ny region. Men vi kjem til å vente til det offentlege er på plass med si organisering. Uansett kjem vi til å vere representert i begge fylka, seier Felde.
«Eige fylke ei god tid framover»
For fire år sidan feira Sogn og Fjordane 250 år som eige fylke. Då sa dåverande fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap):
– Eg trur at Sogn og Fjordane vil bestå som eige fylke ei god tid framover. Det er etter mi meining ein føresetnad for at det som i dag er det geografiske området Sogn og Fjordane i framtida skal halde fram med å vere ein attraktiv og verdiskapande del av landet.
- Les også:
- Les også:
Men berre fire år etter tyder det meste på at historia som eige fylke blir berre vel 256 år gamal. Og effektane av regionaliseringa ser vi alt på fleire felt.
- Forbrukarrådet var tidleg ute. Forbrukarkontoret i Sogn og Fjordane vart midt på 2000-talet sentralisert til Bergen. (No er også Bergens-kontoret sentralisert - til Stavanger).
– Må vere budde
Forgjengaren til Kjelsnes som fylkesordførar, Nils R. Sandal (Sp) er i dag leiar i Sogn og Fjordane idrettskrins. Der er samanslåing med Hordaland idrettskrets eit tema, seier han.
BUDD PÅ SAMANSLÅING: Leiar Nils R. Sandal i Sogn og Fjordane Idrettskrins.
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK– Dette har vore diskutert med Norges Idrettsforbund, som har sagt at vi må vere budd på å ta ein slik diskusjon. Så det er viktig for oss å ha ein beredskap på det. Vi ynskjer ikkje å vere pådrivar, men vi ser at det kan kome, og då er det viktig for oss å syte for at vi framleis har ei organisering som tek vare på nærleiken til idrettslaga.
Innan idretten har det alt vore regionalisering.
- Norges Håndballforbund vedtok alt i 2003 å slå saman handballkrinsane på Vestlandet til Region Vest.
Også innan landbrukssamvirket har det vore samanslåingar:
- I 2002 gjekk Sogn og Fjordane Meieri inn i Tine Vest, med hovudkontor i Bergen.
- I 2008 vedtok Sogn og Fjordane Skogeigarlag å slå seg saman med Vestskog, styrt frå Bergen.
Etter fylkesjubileet i 2013 har utviklinga skote fart. Her er nokre døme:
- Same året, altså 2013, vart BoiVest, det tidlegare Sogn og Fjordane Bustadbyggelag, innlemma i Bergen og omegn Boligbyggelag, no med namnet BOB, styrt frå Bergen, men med kontor i Førde.
- Høgskulen i Sogn og Fjordane er historie som sjølvstendig institusjon. No er høgskuleutdanninga i vårt fylke ein del av Høgskulen på Vestlandet, med hovudsete i Bergen.
- Sogn og Fjordane politidistrikt er ein del av Vest politidistrikt, styrt frå Bergen. Truleg skjer det same med Alarmsetnralen.
- Innovasjon Norge skal frå 1. november i år få felles leiing for Hordaland og Sogn og Fjordane, styrt frå Bergen.
- NHO Sogn og Fjordane skal frå 1. august i år styrast frå Bergen.
- NRK har tilsett ein regionredaktør med sete i Bergen for å styre distriktskontora i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.
- Statens vegvesen er regionalisert, men der har Leikanger status som hovudkontor.
- Fjord1 har planar om å opprette ei avdeling i Bergen med 15 tilsette, 31 år etter at hovudkontoret vart flytta frå Bergen til Florø.
Har hatt møte med Hordaland Ap
KAN BLI SISTE FYLKESLEIAREN: Hilmar Høl i Ap.
Foto: Aleksander Åsnes / NRKKva så med dei politiske partia dersom Sogn og Fjordane og Hordaland blir ein region? Leiar Hilmar Høl i Sogn og Fjordane Arbeidarparti seier dei alt har hatt møte med søsterpartiet i Hordaland om framtidig organisering. Han vedgår at det ikkje skjer med stor entusiasme.
– Vi gjer det for å reie grunnen for at vi faktisk kan kome i ein slik situasjon. Men målet vårt er at vi skal ha to kontor, eitt i Bergen og eitt i Førde.
Høl er uansett redd for ei utvikling der alle samanslåingar resulterer i sentralisering av både avgjerdsmakt og arbeidsplassar til Bergen.
– Eg ser på det som ein uting, fordi det er lett å trekke konklusjonen om at alt må til storbyen. Det er eit problem at ingen kan tenke nytt, at eit hovudkontor også kan ligge andre stader.