Fylkesveg stengt grunna steinras

Fylkesveg 5442 Ortnevik i Høyanger er stengt grunna eit steinras tre-fire kilometer vest for Ortnevik ferjekai. Steinblokker og tre sperrar vegen, melder Vegtrafikksentralen. Entreprenør er på veg til staden.