Hopp til innhold

Stort steinras i Alver – vegen opnar tidlegast torsdag

Fylkesveg 570 i Alver blir stengd til tidlegast torsdag etter steinraset søndag ettermiddag.

Steinras Alver
Foto: Richard Halland / NTB

Søndag ettermiddag rasa store steinar ned på vegen ved Dyrdal i Alver kommune. Søndag kveld var geolog på staden.

Geologen konkluderte med at det må gjerast ein god del arbeid før vegen kan opna att.

– Det er veldig store steinar som har kome ned. Fjellet må både reinskast og sikrast, og så må vegen ryddast, seier Are Mossefin Sandvik i Vestland fylkeskommune.

Difor var anslaget til geologen at det truleg kan opnast att torsdag.

– Men det er usikkert og vêravhengig, seier Sandvik.

Reinskelaget skal byrja måndag. Men vêret gjer det usikkert når dei kjem i gang og kor mykje dei får gjort. Måndag er det meldt mykje regn i området.

Med den størrelsen på steinane som har landa i vegen, er ikkje ryddejobben gjort i ein fei, heller.

– Steinane er store som lastebilar, seier Sandvik.

I Alver kommune påverkar ikkje raset og vegstenginga tenestene til kommunen.

– Me har ikkje fastbuande i Alver som bur utanfor raset. Det vil ikkje påverka dei tenestene me yter, så då set me ikkje inn nokre ekstratiltak på noverande tidspunkt, seier ordførar Sara Hamre Sekkingstad (Sp) til NRK søndag kveld.

– Men det er klart at dette betyr noko for dei som brukar vegen som arbeidsveg, og det er kjedeleg for dei som får ein lenger omkøyringsveg, seier ho.