Hopp til innhold

Fylkesveg 570 i Alver framleis stengt

Fylkesvegen som blei råka av eit ras søndag kveld er foreløpig stengt fram til torsdag. Stenginga har spesielt stor konsekvens for innbyggarane på sørsida i Masfjorden, der den alternative vegen til Knarvik eller Bergen blir svært lang. Måndag skreiv Avisa Nordhordland at folk i Masfjorden er delvis kutta av frå omverda.

– Rundt ein tredel av folk i kommunen bruker denne vegen fast, sa ordførar i Masfjorden til avisa.

Måndag kveld hadde kriseleiinga i Masfjorden kommune møte. På kommunen sine nettsider kan ein sjå at det er sett opp ekstraferje på ferjesambandet Masfjordnes-Duesund. Andre alternative omkøyringsvegar er ferjesambandet Sløvåg-Leirvåg, fylkesveg 379 til Kringla og E39.