Fortvilar over rasfare: Nektar folk å køyre eigen bil til jobb på denne strekninga

Folk får beskjed om å halde seg unna den rasfarlege vegen på Vestlandet. Sist veke rasa det på ny.

Fylkesveg 49

RASFARLEG: Bratt terreng rett over vegen gjer at den er svært rasutsett.

Foto: Statens vegvesen

– Eg trur ikkje politikarane forstår kor dårleg vegen er, seier ordførar i Ullensvang, Roald Aga Haug (Ap).

Han snakkar om ein lokal veg i Kvinnherad kommune på Vestlandet, med Ullensvalg på begge sidar. Her er rasfare ein del av kvardagen.

Så langt er det gått at tilreisande arbeidarar i regionen rett og slett ikkje får lov til å køyra vegen. Arbeidsgivarane seier nei – av HMS-omsyn.

Styreleiar i næringsforeininga Hardanger Industri, Ingar Torblå, fortel om det same.

Ras i Austrepollen mellom Jondalstunnelen og Folgefonntunnelen

VANLEG SYN: Slik såg det ut på vegen mellom Austrepollen og Nordrepollen i fjor. Dette synet uroar både næringsliv og politikarar i Ullensvang kommune.

Foto: Vestland fylkeskommune/Statens vegvesen

Han er òg dagleg leiar i verksemda Odda Technology.

– Me har kundar som ikkje vil at deira tilsette skal køyra vegen i eigne bilar, men brukar buss, seier han.

Vegstrekninga ligg mellom Jondal og kommunesenteret Odda i Ullensvang kommune.

Stort sett består dei 39 kilometrane av to tunnelar, men mellom er den rasutsette strekninga.

Finst éi løysing

På strekninga har det vore fleire ras dei siste åra, og sist laurdag rasa det på ny.

Og no har både næringsliv og politikarar fått nok. Dei vil ha ein fire kilometer lang tunnel forbi rasområdet.

Dei får støtte i ein rapport frå Norconsult slår fast at tunnel er einaste alternativ for å sikra vegen.

Ifølgje Hardanger Folkeblad gjev den rasutsette vegstrekninga store problem for beredskapen når han er stengt.

Vegen det er snakk om er eigd av Vestland fylkeskommune.

Dei skriv i ein e-post til NRK at det ikkje vert gjort noko med den rasutsette strekninga før regional transportplan er klar, noko som tidlegast skjer neste år.

Denne planen skal seia noko om kva prosjekt som skal vere prioritert i Vestland framover.

Fv47

SMAL VEG: Vegen mellom dei to tunnelane er smal og uoversiktleg, og ikkje minst er det svært bratt i fjellsida langs vegen.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

– Vestland er rasfylke nummer ein

Sigbjørn Framnes (Frp) er saksordførar for Regional Transportplan, som betyr at han er bindeledd mellom administrasjon og politikarar.

Han forstår godt frustrasjonen til denne delen av Vestlandet, og er kjent med uroa til Aga Haug i Ullensvang.

– Me er diverre rasfylke nummer éin i Noreg, og har store utfordringar med ras, jordskred og snøskred på mange vegar. Me er nøydde til å prioritera hardt, seier han.

Innspela til regional transportplan har vore mange, og kva som endeleg vert prioritert vert ikkje avgjort før neste år av politikarane i fylkeskommunen.

Sist veke vart det kjent at Vestland fylkeskommunen skal rusta opp strekninga Fv. 500 Folgefonntunnelen – Årsnes i Kvinnherad kommune.

Denne kontrakten har ein verdi på 335 millionar kroner, og då vil ein stor maskinpark frå Vassbakk & Stol stå berre meter frå den rasutsette strekninga.

Utan at noko kan gjerast.

– Eg skjønnar at du spør kvifor me ikkje berre kan gjera meir. Men skal ein utbetra den rasutsette strekninga mellom dei to tunnelane, vil det nok krevja eit nytt anbod. Dette er ein stor jobb, seier Framnes.

Sigbjørn Framnes og Gustav Bahus i Frp

FORSTÅR FRUSTRASJONEN: Sigbjørn Framnes (til venstre) er saksordførar for Regional Transportplan.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK