Fylkesrådmannen la seg flat for fylkestinget

FØRDE (NRK): Fylkeskommunen har brote lova i Fjord1-saka, og fylkesrådmann Tore Eriksen måtte i dag forklare seg for fylkespolitikarane.

Tore Eriksen

LA SEG FLAT: Fylkesrådmann Tore Eriksen la seg flat, og beklaga sterkt at han har gjort feil i Fjord1-saka

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Eg beklagar på det sterkaste det som har skjedd. Slik avslutta fylkesrådmann Tore Eriksen innlegget sitt til fylkestinget i dag.

Fylkestinget er samla i Førde, og det var størst spenning knytt til korleis fylkestinget ville reagere på at fylkeskommunen i Fjord1-saka har brote lova. Fylkespolitikarane vart samde om at lova vart broten, og at fylkesrådmannen hadde ansvaret. Eit mistillitsforslag frå Arbeidarpartiet fekk likevel ikkje fleirtal.

I samband med salet av Fjord1 kjøpte fylkeskommunen inn konsulenttenester til rundt 20 millionar kroner av advokatselskapet Wiersholm. Dette vart ikkje lyst ut på anbod, men gitt direkte til Wiersholm. Kontrollutvalet har kome fram til at dette er ulovleg, og at det skulle ha vore konkurranse om å tilby tenestene.

Har ikkje tillit til fylkesrådmannen

Arbeidarpartiet argumenterte under debatten for at fylkesrådmannen ikkje lenger har tillit. Dei fekk med seg Venstre, MDG og FrP på eit mistillitsforslag mot Eriksen. Det var likevel eit mindretal.

– Fylkesrådmannen har gått over sine grenser, og det ser Arbeidarpartiet svært alvorleg på. Dette svekkjer rådmannen, og det svekkjer fylkeskommunen. Vi vil fremje eit forslag om mistillit til fylkesrådmannen, sa Høl.

Røysting i fylkestinget

MINDRETAL: Eit mindretal røysta for å signalisere mistillit mot fylkesrådmannen i denne saka, men Ap, MDG, Venstre og Frp fekk ikkje med seg fleirtalet.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Høl understreka at det ikkje var noko Ap tok lett på, men at dei følte at dei måtte gjere det.

– Kva om ein mellomleiar innan innkjøp hadde gjort denne feilen, kva ville skjedd då? Kva om ein tilsett i ei privat bedrift hadde gjort denne feilen? Reglar skal vere like for alle, sa Høl.

Hilmar høl på talarstolen i fylkestinget

HAR IKKJE TILLIT: Hilmar Høl og Arbeidarpartiet meiner lovbrotet er så alvorleg at dei fremja forslag om mistillit mot fylkesrådmannen

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Trur på rapporten

Leiar for kontrollutvalet Frank Willy Djuvik forklarte for fylkestinget kvifor dei hadde kome fram til at lova er brote, og kvifor det er alvorleg.

– Det offentlege brukar mange hundre millionar kroner på innkjøp, difor er det så viktig at ein følgjer reglane, sa leiar i kontrollutvalet Frank Willy Djuvik under sitt innlegg til fylkestinget.

Frank Willy Djuvik på Sunnfjord hotell

KRYSTALLKLAR: Leiar i kontrollutvalet, Frank Willy Djuvik, er krystallklar på at fylkeskommunen har brote lova i Fjord1-saka

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Kontrollutvalet bestilte ein rapport frå Deloitte, og dei kom fram til at det var brot på lova då konsulenttenestene ikkje vart lyst ut på anbod.

– Rapporten frå Deloitte er utforma av folk med lang erfaring, og vi i kontrollutvalet har ingen grunn til å tvile på den konklusjonen dei har kome fram til, sa Djuvik under sitt innlegg til fylkeskommunen.

Djuvik stiller seg tvilande til at fylkesrådmannen ikkje har kjent til regelverket, og korleis det skal tolkast.

– Det står til og med på fylkeskommunen sine heimesider at alle offentlege innkjøp skal lysast ut til konkurranse, og då er vi i kontrollutvalet veldig overraska om fylkesrådmannen ikkje kjenner til det, sa Djuvik.

La seg flat

Fylkesrådmann Tore Eriksen la seg flat og beklaga til fylkestinget at lova har vorte brote.

– Eg vedgår at eg har gjort ting feil, og at burde ha gjort ting annleis. Det ber eg om orsaking om til fylkestinget.

Eriksen understreka at feila ikkje er gjort med vilje.

– Det har ikkje skjedd med viten og vilje, eg har rett og slett ikkje vore årvaken nok, sa han til fylkestinget.

Tore Eriksen går vekk frå talarstolen

IKKJE MED VILJE: Tore Eriksen understreka under sitt innlegg til fylkestinget at det ikkje var med vilje at han gjorde feil

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

No vil fylkesrådmannen sjå framover, og lære av det som har skjedd.

– Eg vil etter beste evne ta lærdom av det som skjedd, og syte for at det ikkje skjer igjen. Eg vil framover ha større merksemd på kva som kan kome til å skje i ulike prosessar. Det må eg og vi gjere i fellesskap, sjølv om det gjer at saker kan bli meir tidkrevjande.

Høgre stilte seg bak kritikken til kontrollutvalet, men har i motsetnad til Arbeidarpartiet framleis tillit til fylkesrådmannen.

– Dette er sterkt kritikkverdig, men fylkesrådmannen seier at han tek lærdom av det som har skjedd. På det grunnlaget har fylkesrådmannen vår tillit til å halde fram, sa Distad.

– Sikkert ein kjekk fyr

Stein Malkenes i Miljøpartiet dei grøne var ikkje samd i at ein kunne ha tillit til fylkesrådmannen i framtida.

– Tore Eriksen er sikkert ein knakande kjekk fyr, men eg har kome fram til at han bør trekkje seg frå stillinga si. Mi erfaring ifrå næringslivet og ulike bedrifter tilseier at det ville vore konsekvensen av ein slik feil andre stader, sa Malkenes.

Stein Malkenes på fylkestinget

MÅ GÅ: Stein Malkenes oppmoda fylkesrådmannen om å vurdere stillinga si.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Fylkestinget er ikkje ein domstol

Eit fleirtal på fylkestinget er samde med Høgre, og har tillit til fylkesrådmannen. Sjølv om alle partia stiller seg bak kontrollutvalet sin konklusjon om at lova er brote, har fleirtalet av fylkespolitikarane tru på at Eriksen kan halde fram.

KrF sin gruppeleiar Trude Brosvik sa i innlegget sitt til fylkestinget at ho framleis hadde full tillit til fylkesrådmann Tore Eriksen.

– Fylkestinget er ikkje ein domstol, og det er ikkje noko automatikk i at denne type feil skal få konsekvensar for tilliten til rådmannen, sa Brosvik