Hopp til innhold

Fylkesrådmannen blanda seg inn - fekk kjeft

LEIKANGER (NRK): Då fylkesrådmann Tore Eriksen tok til ordet under veg-debatten i fylkestinget fredag, var ikkje politikarane seine med å kritisere.

Tore Eriksen, fylkesrådmann, Sogn og Fjordane Fylkeskommune

BERRE EI OPPLYSNING: Fylkesrådmann Tore Eriksen

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Kritikken kom etter at Eriksen fortalde at han hadde vore med fylkesleiarane i Venstre og KrF i møte med sentrale politikarar for dei to partia.

Representantar frå Høgre, Senterpartiet og Frp hissa seg opp og meinte rådmannen brukte informasjon frå møtet som argumentasjon i saka om standarden på fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik.

Mellom anna vart det sagt at sentrale politikarar følgjer med korleis fylkespolitikarane prioriterer med knappe rammer.

Høyr innlegget til fylkesrådmannen:

– Går langt over streken

Velaug Veum og Arnstein Menes

KRITISK: Arnstein Menes (Sp).

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Reaksjonane lét ikkje vente på seg:

– Når fylkesrådmannen har ordet skal det ikkje vere grunn til å ta replikk. Då skal det kome saksopplysningar. Eg meiner fylkesrådmannen går over streken når han går inn på ein del politiske vurderingar, sa Arnstein Menes (Sp).

– Dette er oppsiktsvekkande. Dei politiske prioriteringane vi skal gjere i Sogn og Fjordane, er det vi som skal gjere, og vi som har ansvar for, sa Noralv Distad (H).

Noralv Distad

OPPSIKTSVEKKANDE: Noralv Distad (H).

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Også Frank Willy Djuvik raste frå seg etter innlegget frå fylkesrådmannen.

– Eg meiner han går langt, langt over streken. Det er ikkje ein gong i nærleiken av streken. Dette skal ikkje skje. Å delta på møtet er greitt, men å bruke informasjonen på denne måten for å oppnå eit resultat er ikkje greitt, sa Djuvik.

Ville berre dele fakta

Djuvik og Marita Aarvik

IKKJE GREITT: Frank Willy Djuvik (Frp)

Foto: arkiv / NRK

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) tok også til ordet.

– Det er viktig at det kjem fram faktaopplysningar som kan ha innverknader for fylket si framtid, sa ho.

Eriksen sa etterpå at han berre ønskte å komme med ei opplysning,

– Eg ønskjer ikkje å ta del i den politiske debatten i fylkestinget, i alle fall ikkje på ein slik måte som det vert sagt her at eg bør passe meg for. Det blir lagt merke til kva vi gjer, og då synest eg det er greitt at fylkestinget får beskjed om det, fortalde Eriksen.

Etter ein lang debatt gjekk fylkestinget, med berre ei stemme overvekt, inn for å ruste opp siste biten av fylkesveg 60 Olden-Innvik med beste standard, altså 7,5 meters vegbreidde.