Hopp til innhold

Fylkespolitikarane vil forskotterer tunnelkostnader

I dag bad fylkesutvalet rådmannen om å finne ei finansieringsløysing i samband med reparasjon og andre kostnader etter brannen i Skatestraumtunnelen.

Åshild Kjelsnes og Trude Brosvik

HÅPAR PÅ SPLEISELAG MED STATEN: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) og Trude Brsovik (KrF).

Foto: Stein Aase / NRK

– Det viktigaste no er å få bygd opp igjen tunnelen så fort som mogleg, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap).

15. juli miste eit vogntoget mista hengaren og 16500 liter bensin . Ingen vart alvorleg skadde i eksplosjonen og brannen som følgde, men tunnelen fekk store skader som vil koste 38 millionar kroner å reparere. I tillegg kjem kostnadene med ferja som vart sett inn, og dermed nærmar ein seg 60 millionar kroner .

– No må folk i Bremanger få attende kvardagen sin, og så må vi sjå kva vi kan få av statleg finansiering.

Forskoterer

Førebels er knytt ein del uvisse til finansieringa, blant anna med omsyn til forsikring. Dermed ligg det an til at det blir fylkeskommunen som i første omgang fullfinansierer reparasjonsarbeidet.

– Ja, skal ein få bygd dette opp igjen så raskt som mogleg, så må vi gjere det på den måten.

– Kva håpar de på når det gjeld spleiselag med staten, samferdsleministeren var jo positiv til å yte noko i alle fall?

– Vårt håp er sjølvsagt at vi skal få dekka så mykje som mogleg, og ein av annan del at dette er jo den store kostnaden det er å ha ei mellombels ferje, seier Kjelsnes.

Så langt tyder alt på at Skatestraumtunnelen i alle fall blir stengd ut året.

Investeringsfond

Fleire av medlemane i fylkesutvalet tok måndag til orde for å få etablert eit investeringsfond etter modell av naturskadefondet for å hindre at slike store ulykker vil gå utover fylkeskommunale tilbod som skule og kulturtilbod.

– Det er noko som vi har vore samde om tidlegare i fylke, men då har vi tenkt på ras og flaum som har øydelagt vegar, seier Trude Brosvik (KrF).

Ho meiner dette er særleg viktig i eit grisgrendt fylket som Sogn og Fjordane med store avstandar.

– Det er viktig å no få ei nasjonal ordning for denne typen ulukker og naturhendingar, og den rette plassen for det vil vere i samband med Nasjonal Transportplan, seier Brosvik.