Hopp til innhold

Fylkespolitikarane stoppar flytting og riving av bomstasjonar

Det blei ikkje fleirtal i fylkestinget i Hordaland for å endre plasseringa av bomstasjonane i Åsane. Byrådsleiaren i Bergen kallar det politisk spel frå Frp.

Bompengestasjon som har skapt debatt i Åsane i Bergen

BOM FAST: Bomstasjonane i Åsane blir ståande der dei er, etter at det ikkje blei fleirtal i fylkestinget for å flytte dei.

Foto: Simon S. Brandseth / NRK

Bergen kommune har føreslått å flytte ein av bomstasjonane i Åsane til E39 ved Nordhordlandsbrua. To andre bomstasjonar vil dei fjerne.

– Vi vil gjere bomringen meir rettferdig for innbyggjarane, sa byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) då byrådet i Bergen lanserte planane tidleg i mai.

Byrådet ville at befolkninga i Åsane skulle sleppe å betale bompengar på turar i eigen bydel. Men planane blir det førebels ikkje noko av.

For å endre plasseringa av bomstasjonane må nemleg kommunen ha støtte frå fylkestinget. Der klarte ein ikkje å få fleirtal verken for å flytte bomstasjonane eller stoppe planane. Og då blir bommane ståande.

– Dette er ei viktig sak for mange, og eg personleg beklagar at vi ikkje klarer å bli einige, sa fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Ap).

Fylkestinget i Hordaland debatterer flytting av bomstasjonar

UEINIGE: Fylkestinget klarte ikkje å bli samde om å endre bomplasseringane i Åsane.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

– Politisk spel frå Frp

Arbeidarpartiet har jobba for at fylkestinget skulle støtte ønsket frå Bergen, men for å få det til, måtte dei ha støtte av fleire andre parti sine representantar. Representantar frå både Senterpartiet, KrF og Venstre stemte for flytting, men det var ikkje nok.

Byrådsleiar Roger Valhammer er skuffa over at det ikkje blei noko avgjer.

– I dag hadde fylkestinget sjansen til å bidra til å gjera situasjonen for bebuarar nord i byen vår betre, dessverre valde Høgre og Frp å la den moglegheita forsvinna i politisk spel og valkamp.

Frp fremma eit eige forslag om blant anna å rive heile den ytre bomringen i Bergen, men fekk ingen støtte frå dei andre partia. Os-ordførar Terje Søviknes avviser at dei driv med politisk spel.

– Vi var tydelege, vi vil rive heile den ytre bomringen og gå gjennom alle prosjekta som er planlagd for å få ned bompengekostnadene.

Kvifor ville de ikkje vere med på å flytte bomstasjonane i Åsane?

– Då flyttar ein berre frustrasjon, og det er ei dårleg løysing i ei vanskeleg sak. Eg har medkjensle med dei i Åsane som opplever det som usosialt og urettferdig no, men då må ein heller fjerne heile den ytre bomringen.

Motstand i Nordhordland

Forslaget frå Bergen kommune har møtt mykje motstand frå kommunane i Nordhordland, fordi det ville bety bomstasjonar på begge sider av Nordhordlandsbrua.

Fleire av fylkestingsrepresentantane er også ordførarar i nordhordlandskommunar, og dei stemte samla mot flytting av bomstasjonane. Nils Marton Aadland, varaordførar i Meland, sa at forslaget har skapt sterke reaksjonar.

– Dei sender heile bomrekninga til Nordhordland, sa han om Bergen kommune i debatten.

Fleire av representantane var også uroa for at eit ja til flytting i Åsane ville skape presedens for andre bydelar der ein også er kritiske til plassering av bomstasjonar.

Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes (KrF) er glad for at det ikkje blir bom på E39 ved Nordhordlandsbrua.

– Eg skulle ynskje at vi hadde hatt meir tid for å finne gode løysingar saman, men det var det ikkje rom for nå. Men eg er fornøgd med at det ikkje blei flytting av bomstasjonar i dag.

Astrid Aarhus Byrknes (KrF) i fylkestinget

TID: – Innbyggjarane i Nordhordland er like frustrerte som dei i Åsane, sa Astrid Aarhus Byrknes, ordførar i Lindås. Ho stemte mot flytting og meiner ein må bruke tid til å tenke seg om. 

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK