Hopp til innhold

Fylkespolitikarane i tenkjeboksen

Fleire store ferjeselskap har hatt kontakt med Sogn og Fjordane fylkeskommune for eventuelt å kjøpe aksjane i Fjord1.

Manheller ferjekai

Kan skifte eigar: Fleire store transportselskap følgjer med på kva fylkespolitikarane vel å gjere med aksjane til Fjord1.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Kampen om kven som skal eiga Fjord1 tilspissar seg etter at det sunnmørske reiarlaget Havila har sikra seg Møre og Romsdal sine aksjar i selskapet.

Men Havila kan fort enda opp med å eiga 41 prosent i eit selskap der konkurrentane Torghatten, Tide eller Boreal blir partnerar.

For Fylkeskommunen er usikre på kva dei skal gjere med aksjeposten sin, og fleire aktørar står klare til å kjøpe Sogn og Fjordane sine aksjar i Fjord1.

– Eg kan verken stadfeste eller avkrefte det, seier fylkesrådmann Jan Øhlckers.

Forhandlingsstart i dag

Øhlckers er Sogn og Fjordane sin forhandlingsleiar. I dag startar han forhandlingane med Havila om ein aksjonæravtale.

Men Øhlckers vil ikkje seie noko om andre ferjeselskap snusar på fylkeskommunen sin aksjepost i Fjord1.

Jan Øhlckers

Forhandlingsleiar: Jan Øhlckers

Foto: Brit Jorunn Svanes

– Eg har ikkje lyst til å kommentere noko når det gjeld desse forhandlingane, seier Øhlckers.

I tenkjeboksen

Etter det NRK kjenner til har fleire store ferjeselskap har hatt kontakt med Sogn og Fjordane fylkeskommune om kjøp av fylkeskommunen sin aksjepost i Fjord1 på 59 prosent.

Fylkeskommunen har truleg for lite pengar til å kunna gjera dei investeringane som må til for at Fjord1 skal vinna tøffe anbodskonkurransar i framtida.

Å selja alle aksjane er difor eit av fleire scenario.

Konsernsjef i Boreal transport, Kjetil Førsvoll, seier til NRK at Fjord1 er eit interessant selskap.

– Fjord1 er nummer ein i verda på gassferjer, selskapet er veldrive og har mykje kunnskap, seier Førsvoll.

– Selskapet er dessutan sterke der Boreal ikkje er det, og slik sett hadde det passa godt for oss, seier konsernsjefen.

Ny gassferje

Gassferjer: Fjord1 er nummer ein i verden på gassferjer, meiner Kjetil Førsvoll.

Foto: Fjord1

Førsvoll vil ikkje kommentera om Boreal har vore i kontakt med Sogn og Fjordane fylkeskommune om aksjekjøp, men seier at i den grad fylkeskommunen har aksjar å selja, reknar han med at dei har kontakta dei selskapa som har interesse av å kjøpa.

Følgjer utviklinga

Konsernsjef i Torghatten trafikkselskap, Brynjar Forbergskog, stadfestar at han følgjer interessert med på kva fylkeskommunen føretek seg med Fjord1.

Men han vil ikkje svare på om Torghatten er interessert i å kjøpe Sogn og Fjordane fylkeskommune sine aksjar.

Held korta tett

25. august skal Fylkestinget bestemme seg kva skal gjere med aksjeposten i Fjord1.

Førebels held forhandlingsleiar Jan Øhlckers taktikken for seg sjølv.

- I den fasen vi er i no, så held vi korta tett til brystet, seier fylkesrådmannen.