Hopp til innhold

Avviser «frekke» påstandar frå stortingspolitikar

Stortingspolitikaren skuldar fylkeskommunen for lite engasjement for Atløysambandet. – Tull, svarar fylkesordføraren.

Jenny Følling fylkesutvalet 7. desember 2015

FREKT: Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) stiller seg uforståande til kritikken frå stortingspolitikar Helge Andre Njåstad. – Fylkeskommunen har hatt eit sterkt engasjement for å få på plass ei ferjeavløysingsordning, seier ho.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Vi har teke det opp i både fylkeskommunal samanheng, men også i Vestlandsråda med dei fire vestlandsfylka, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp).

Og dermed slår ho tilbake mot kritikken frå leiaren i kommunalkomiteen på Stortinget, Helge Andre Njåstad (Frp).

– Andre som står på

Stortingsrepresentanten frå Hordaland meiner det ikkje er fylkeskommunen å takke for at ei ferjefri løysing for Atløysambandet er like rundt hjørnet.

I helga hevda han det berre er snakk om dagar eller veker før regjeringa presenterer ei løysing for korleis ei bru skal erstatte ferja mellom Askvoll og Atløy .

Helge Andre Njåstad

OVERRASKA: Helge Andre Njåstad (Frp) meiner fylkeskommunen har vist lite eller null engasjement for Atløysambandet. – Eg hadde venta litt større trykk etter at Stortinget fekk på plass ordninga, seier han.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det er heilt andre som står på for Atløysambandet enn fylkeskommunen, som skal eige sambandet og som er den som skal gjere jobben, seier Njåstad og heller løftar fram arbeidet til kommunen og lokallaga til Høgre, Venstre, Frp og KRF.

– Vi ventar på svar

Fylkesordførar Følling deler Njåstad sin ros til kommunen og lokallaga for innsatsen, men stiller seg uforståande til kritikken som blir retta mot fylkeskommunen.

Ho meiner påstanden er frekk.

– Fylkeskommunen har hatt eit sterkt engasjement for å få på plass ei ferjeavløysingsordning, seier ho og legg til at dei no ventar avklaring frå kommunal- og regional departementet på korleis ein reknar inn ferja som delvis blir teken ut av eit trekantsamband.

Den er fylkeskommunen lova i løpet av våren 2016.

– Så no er det faktisk kommunaldepartementet vi ventar på. Der har Njåstad som komitéleiar ein jobb å gjere sjølv, avsluttar ho.