Hopp til innhold

Fylkesmannen for Vestlandet skal ha hovudsete i Sogn

LEIKANGER (NRK): Fylkesmannen for fylka Hordaland og Sogn og Fjordane vert lagt til Leikanger i Sogn.

Lars Sponheim blir ny fylkesmann for Sogn og Fjordane og Hordaland. Men kontoret skal leggjast til Hermansverk.

Sjå opptak frå pressekonferansen, der det vart klart at Sogn og Fjordane får Fylkesmannen, og at Lars Sponheim vert ny fylkesmann. Det stadfesta Statssekretær Kristin Holm Jensen frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet stadfesta på eit allmøte for fylkesmennene i Sogn og Fjordane og Hordaland fredag.

Statssekretær Kristin Holm Jensen frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet stadfesta på eit allmøte for fylkesmennene i Sogn og Fjordane og Hordaland fredag at fylkesmannen skal ha hovudsetet på Leikanger.

Ho peiker på to hovudgrunnar til at lokalasjonen vert Leikanger:

  1. Regjeringa har som mål å bygga opp regionale senter over heile landet ved statelege etatar. Leikanger er eit kompetansesenter.
  2. Fylkeskommunane sjølv har avtalt at dei ville ha administrasjonen til Fylkesmannen i Bergen og hovudembetet på Leikanger. Det skal respekterast.

Det er framleis ikkje tatt ei endeleg avgjerd om fordeling av funksjonar og oppgåver som vert lagt til dei forskjellige plassane.

Intensjonsavtalen

Anne karin Hamre

FYLKESMANN: Noverande Fylkesmann i Sogn og Fjordane, Anne Karin Hamre, får ikkje halda fram etter 1. januar 2019.

Foto: Noralv Pedersen/NRK

Då intensjonsavtalen for Vestlandsregionen vart signert av dei to fylkesordførarane i Sogn og Fjordane og Hordaland, Jenny Følling (Sp) og Pål Kårbø (KrF), 17. januar i år, stod det at Fylkesmannen skulle bli lagt til Leikanger.

Alt før intensjonsavtalen vart signert, sende fylkesmann i Hordaland, Lars Sponheim melding til Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner, om at Fylkesmannen for ein Vestlandsregion burde ha sete i Bergen.

Lars Sponheim

FYLKESMANN: Lars Sponheim er noverande fylkesmann i Hordaland.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Ap vil snu

Noverande fylkesmann, Anne Karin Hamre, vart 22. mai konstituert som til mellombels fylkesmann for Sogn og Fjordane, fram til 1. januar, 2019. Fylkesmannsembeta i Hordaland og Sogn og Fjordane blir slått saman frå 1. januar 2019.

I slutten av mai varsla Arbeidarpartiet at dei kom til å snu om fylkessamanslåing, nettopp på grunn av at lovnaden om at Fylkesmannen til Sogn og Fjordane ikkje var innfridd.

– Viktig siger

– Eg tenker at nyheita i dag er ein viktig siger for oss som har jobba med intensjonsplanen for det nye vestlandsfylket, seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling.

Ho meiner det er bra og naturleg at fylkesmannen skal ha hovudkontoret sitt i Sogn og Fjordane, sjølv om Hordaland og Bergen har langt fleire innbyggjarar.

– Regjeringa er opptatt av at vi skal ha ein balanse i dei nye fylka. Sogn og Fjordane og Hordaland har ønska denne ordninga, og det støtta vi. Vi ønsker å spreie makt, vi ønsker å bygge opp om utviklinga i distriktsfylka og då er det naturleg å legga til rette for det ved å legga fylkesmannen til Leikanger, seier kommunalminister Jan Tore Sanne (H).