Hopp til innhold

Fylkeslegen med sterk kritikk av Helse Førde

Ein eldre mann med hjartesjukdom fekk ikkje medisinen som var forordna i rett tid. Helse Førde får kritikk for ikkje å ha gitt forsvarleg helsehjelp til pasienten.

Fylkeslege Per Steinar Stensland

HANDLA UFORSVARLEG: Fylkeslege Per Stensland kjem med sterk kritikk av Helse Førde.

Foto: Arne Stubhaug / Arne Stubhaug, NRK Sogn og Fjord

– Vi har no vurdert saka og meiner Helse Førde har handla uforsvarleg, så dette er ei alvorleg sak, seier fylkeslege Per Stensland.

Det var Helse Førde som sjølve melde saka inn som varslingssak til Statens helsetilsyn

Pasienten døydde

Ein eldre mann vart lagt inn på lokalsjukehus med hjartesjukdom. Etter nokre dagar vart pasienten dårlegare, og det vart ordinert intravenøs medisin. Trass i at dette hasta, vart ikkje medisineringa effektuert før pasienten døydde etter halvannan time.

– Helse Førde har rapportert kva dei gjorde i denne situasjonen, og vi tykkjer ikkje at det er tilfredsstillande i forhold til dei krav ein må stille, seier Stensland.

Saka som Helsetilsynet no har vurdert ligg noko tilbake i tid. Fagdirektør i Helse Førde Hans Johan Breidablik hadde onsdag kveld ikkje fått lese saka og kunne difor ikkje kommentere.

Må melde tilbake til Helsetilsynet

Fylkesmannen har gått gjennom hendingsgangen som tilsynssak og konkluderte med at føretaket sine rutinar for ordinasjon og medikamenthandtering ikkje var tilstrekkeleg klare, slik lova krev.

Det er ikkje gitt at den påviste svikten er direkte årsak til at pasienten døydde.

– Vi har pålagt Helse Førde å gjennomgå desse rutinane og melde tilbake til Fylkesmannen.