Hopp til innhold

Fylkeslegen kritiserer Helse Bergen: – Stor risiko for helseskade eller i verste fall død

Helse Bergen skreiv ut 17 pasientar i det koronapandemien traff landet. – Det kunne gått veldig galt, meiner pasient.

Sjur Lehmann

KRITISK: Fylkeslege Sjur Lehmann finn ikkje ei god grunngjeving for at utskrivingane generelt var forsvarlege.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

12. mars i fjor «stengde regjeringa ned Noreg». Koronapandemien var komen til landet. Dei neste fem dagane vart 17 ruspasientar i bergensområdet brått utskrivne før planlagt tid.

Ein av pasientane opplevde det slik:

«Ved utskrivelse var alle legene forsvunnet og ingen igjen for å gi behandling, ingen visste noen ting. Var heldig og ble reddet av en ruskonsulent etter utskrivelse, ellers kunne det gått veldig galt.»

Det kjem fram i tilsynsrapporten som fylkeslege Sjur Lehmann på vegner av Statsforvaltaren i Vestland leverte frå seg i går.

«Det å plutseleg være «ute» og skulle klare seg sjølv utan god førebuing, var ei stor påkjenning for pasientane», ifølge rapporten.

– Stor risiko

Det var Avdeling for rusmedisin (AFR) i Helse Bergen som i løpet av dei fem dagane 13.–17. mars 2020 skreiv ut dei 17 pasientane ved institusjonane Skuteviken, Tertnes og Askøy.

Lehmann viser til at i eit avrusingstilbod i spesialisthelsetenesta kan det vera stor risiko for helseskade eller i verste fall død ved avbrot, utsetjing, eller avlysing av naudsynt helsehjelp.

Statsforvaltaren meiner også at «pandemisituasjonen hadde potensiale til å ramme desse pasientane ekstra hardt, på grunn av svakt nettverk og evne til eigenomsorg, i tillegg til stenging av tenester og tilbod som dei nyttar seg av utanom spesialisthelsetenesta.»

– Det framstår tilfeldig

Utskrivinga av mange titals ruspasientar i starten av koronapandemien vart første gong omtalt av VG i januar. Det vart også fortald om tilfelle av sjølvmord. Avisa fortalde i mai at statsforvaltaren opna tilsyn i saka om 17 av dei.

Statsforvaltaren meiner Helse Bergen ikkje har gitt ei god forklaring på kvifor dette vart gjort.

«Ut frå opplysningane i saka framstår det som noko tilfeldig kven som vart utskriven og korleis», skriv Lehmann.

Helse Bergen, avdeling for rusmedisin si eining på Askøy

«ALLE MÅ UT NÅ!» Samstundes som koronapandemien trefte Noreg, vart alle ruspasientar plutseleg utskrivne ved mellom anna behandlingsinstitusjonen på Askøy.

Foto: Helse Bergen

Saknar grunngjeving

Statsforvaltaren har no gått gjennom Helse Bergens rapport om saka og henta inn eigen dokumentasjon. Helseføretaket skriv sjølv:

«I de første dagene da Norge stengte ned ble det gjennomført haste-utskrivninger fra AFR som senere har vist seg å ikke være nødvendig».

Helse Bergen konkluderer med at pasientane fekk ei medisinskfagleg forsvarleg oppfølging, sjølv om oppfølginga var «sub-optimal».

Men fylkeslege Lehmann saknar ei betre grunngjeving frå helseføretaket:

«Vi finn ikkje ei god grunngjeving i gjennomgangen dykkar for konklusjonen om at utskrivingane generelt var forsvarlege», heiter det i tilsynsrapporten.

Helse Bergen har forklart at årsaka til utskrivingane var omlegging av drifta grunna handsaming av første fase av koronapandemien.

«Det var planlagd å opprette ein eigen pandemipost for pasientar med rus og psykiske lidingar. Det viste seg etter kvart at det ikkje var trong for ein slik pandemipost», står det i tilsynsrapporten frå Statsforvaltaren.

«Alle må ut nå!»

Fleire av pasientane opplevde utskrivinga og tida etterpå som vanskeleg, fordi dei ikkje kjende seg ferdigbehandla og på grunn av koronasituasjonen i samfunnet.

Mellom anna har fire tilfeldig utvalde blant dei 17 pasientane blitt intervjua. Ifølge rapporten uttrykte dei at tilhøva ved utskrivinga vart opplevd som kaotiske.

«Ingen visste noen ting ved utskrivelsen, og at de fikk beskjed om at. dette er ikke farlig, men alle må ut nå!»

Det har ein av pasientane forklart til Statsforvaltaren.

Fylkeslegen samanfattar også at:

  • Han saknar ei tydelegare klargjering og drøfting av den overordna avgjerda om utskriving av pasientane.
  • Han etterlyser ei drøfting av om leiinga i Helse Bergen til dømes sørga for ei individuell risikovurdering.
  • Leiinga avgjorde at det i hovudsak var inntak av pasientar som skulle avgrensast, ikkje nødvendigvis at innlagde pasientar skulle skrivast ut. Men dette vart ikkje klart kommunisert.

Helse Bergen har 15. januar som frist for å svara på kritikken i tilsynsrapporten.

Eivind Hansen

BEKLAGAR: – Pandemisituasjonen var ganske spesiell, men også då skulle jo ting gjerast forsvarleg, seier direktør Eivind Hansen i Helse Bergen.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK (ARKIV)

Direktøren beklagar

Direktør Eivind Hansen i Helse Bergen har ikkje rukke å lesa tilsynsrapporten, men kommenterer kritikken om tilfeldig utskriving og for dårleg grunngjeving slik:

– Vi skal gå gjennom det, og ta ut læringsverdien, ut over det vi sjølve har identifisert allereie. Situasjonen då covid-19 kom til landet var ganske spesiell. Då vart det gjort nokre raske vurderingar, men dei skulle jo også i den situasjonen vera forsvarlege.

Han seier helseføretaket ikkje seier seg ferdig med saka før statsforvaltaren sitt tilsyn er svart ut og følgt opp.

– For dei det gjaldt, både pasientar og pårørande, er det alltid å beklaga når me har sett dei i ein vanskeleg situasjon under pandemien, legg han til.