Hopp til innhold

Fylkeskommunen manglar 50 milliardar til veg

OLDEDALEN/LOEN (NRK): For siste gang skal Fylkestinget lage planen for kva vegar som skal byggast fyrst, men kassa er tom og trongen er stor.

Røyrtunnel i Oldedalen

TRENG OPPRUSTING: Denne lange og kronglete røyrtunnelen i Oldedalen er utan lys.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Vi har kjempa for gang- og sykkelveg mellom Rake og Loen i 25 år. Vi ser ein kraftig vekst i trafikken, så vi håpar vi blir prioritert på topp, seier Haldor Hove i Loen utviklingslag.

Bygdelaget sitt syn er blant dei 75 innspela til fylkeskommunen i arbeidet med Regional transportplan.

For siste gang skal fylket lage ein slik plan som skal gjelde til og med 2021. Frå 2020 er det eit nytt regionting saman med Hordaland som rår over vegane.

Saknar 50 milliardar

Samferdsledirektør Dina Lefdal har fått inn over 75 innspel til planen. Høyringsfristen gjekk ut 30. september.

– Å oppfylle alle ønska er bortimot umogleg, det blir ein hard prioriteringsjobb. Skal vi ha fullgod standard på heile vegnettet trengst 50 milliardar, det er ikkje realistisk.

Dina Lefdal

MÅ PRIORITERE: Fylkesdirektør for samferdsle, Dina Lefdal veit det blir kamp om midlane.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

For kvardagen er at asfalteringa ikkje held tritt med forfallet, vegprosjekta står i kø medan trafikken veks.

– Vi må halde unna slik at forfallet ikkje aukar, men det åleine gir ikkje ein betre vegstandard, seier Lefdal.

Håpar på gangveg

Om ikkje folk i Loen får gjennomslag må dei i ein ny region konkurrere med langt fleire prosjekt, men også om eit større budsjett.

Haldor Hove

VENTAR: I 25 år har folk i Loen venta på gangveg mot Rake. Trafikken har auka med nær 1000 bilar i juli månad samanlikna med fjoråret, seier bygdelagsleiar Haldor Hove.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Trafikken har auka med nesten 1000 bilar i døgeret gjennom bygda om sommaren det siste året. Mykje skuldast auka turisme. I juli går vel 4900 bilar forbi bygda i døgeret.

Men i framlegget til transportplan ligg gangvegen på 8.-plass bak prosjekt i Svelgen, Leirvik, Flora og Sandane.

– Det betyr alt for oss som bur her å få gangvegen på plass, her har vore fleire trafikkulukker, seier Hove.

– Vegen kan rase ut

Rune Myklebust i Oldedalen er ein av mange som ventar på vegpengar. Om vinteren må foreldra vurdere om borna kan reise langs den rasutsette skulevegen.

– Du kan halde borna heime, men den avgjerda burde folk sleppe. Det er ein heilt forferdeleg situasjon, seier han.

Rune Myklebust

FORFALL: Rune Myklebust ser at berelaget er vekke under vegen til Oldedalen. Her køyrer turistbussar dagleg i sommarhalvåret.

Foto: Silje Guddal / NRK

Kystvegen på vent

Av dei store vegprosjekta står Kystvegen mellom Måløy og Florø på topp, med utbetring Svelgen-Indrehus.

Men dei tronge rammene gjer at fylkesdirektøren ikkje tilrår oppstart før etter 2021. I så tilfelle vil ein ny region få oppgåva med å prioritere.

– I vårt framlegg ynskjer vi å prioritere mindre tiltak framfor store nye investeringsprosjekt. Vi har ein del ting som er igangsett, det er ikkje plass til mykje nytt.

Vil ikkje vente

Men ordførar i Vågsøy Kristin Maurstad (Ap) vil ha betre veg til Florø:

– Det er for lenge å vente til etter 2021. Eg håpar inderleg at vi får prosjektet i gang så fort det let seg gjere.