Hopp til innhold

Fylkeskommune kan ha røpt ny Tesla-strategi

Eit forslag frå Vestland fylkeskommune vekkjer oppsikt – kan ha røpt at Tesla vil opne hurtigladarane sine for andre elbilar.

Tesla

FOR ALLE? Utsegner frå Vestland fylkeskommune har vore rot for spekulasjonar om Tesla skal opne ladarnettverket deira for alle slags elbilar.

Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Denne våren lyste Vestland fylkeskommune ut eit tilskotsmiddel til etablering av hurtigladarar.

Eit absolutt krav er at hurtigladarane skal vere tilgjengelege for alle elbilar.

24. juni vart saka handsama i Hovudutval for næring i fylkeskommunen. I forslaget til vedtak heiter det at Tesla skal få støtte på 400.000 kroner for fire ladestolpar i Stryn kommune frå og med tredje kvartal i 2022. Det skriv Teknisk Ukeblad.

I dag er ladestolpane til Tesla berre tilgjengelege for deira eigne bilar.

Utsegna frå utvalet har difor ført til merksemd på bloggar og i sosiale medium.

Er pengane det fyrste teiknet på at ladestasjonane til Tesla no kjem med universell utforming?

Det hevdar nyheitsbloggen Electrek.

Også Tesla-bloggen Teslarati meiner at dette tyder på at selskapet vil opne somme av sine hurtigladarar til alle elbilar.

Tilhengarar av teorien om universelle Tesla-ladarar viser også til at Elon Musk har gitt ein «like» til artikkelen over. Tesla-gründeren er kjend for sin uortodokse leiarstil.

Elbillader

VELDIG KJEKT: Leiar for hovudutvalet for næring i Vestland fylkeskommune seier det er «veldig kjekt» om tilskotskrava deira kan bidra til å endre strategien til Tesla.

Foto: Erlend Aas / NTB scanpix

– Spekulativt

Pressesjef i Tesla Noreg, Even Roland, viser til at Musk også tidlegare har antyda at selskapet jobbar med å opne ladarane for fleire.

– Det blir likevel spekulativt å trekkje konklusjonar frå det aktuelle vedtaket til Vestland fylkeskommune, seier han.

I forslaget til vedtak heiter det at dei aktuelle ladeplassane vil vere tilgjengelege for offentlegheita frå tredje kvartal 2022.

Roland vil ikkje kommentere utforminga til ladestasjonen i Stryn, men viser til ladestasjonen i Nebbenes der selskapet har etablert 44 eksklusive og 8 «opne» ladestolpar.

– Tredje kvartal i 2022 er ein stund unna og me utforskar og testar ulike tilnærmingar, seier han.

Tesla modell S superlader på Nebbenes ved Eidsvoll

LADESTASJON: Biletet viser ladestasjonen i Nebbenes der Tesla i samarbeid med Fortum, til saman har 52 ladestolpar. 8 av dei er tilgjengelege for alle type elbilar.

Foto: Christian Fougner / NRK

Klare forventningar

Ei moglegheit er dermed at Tesla ikkje opnar ladenettverket sitt, men jobbar seg «rundt kriteria» til fylkeskommunen ved å etablere ladestolpar i samarbeid med andre aktørar på same stad.

Tor André Ljosland (KrF) er leiar for hovudutvalet for næring i Vestland fylkeskommune.

Han seier det er «veldig kjekt» om tilskotskrava deira kan bidra til å endre strategien til selskapet.

– Det vil i så fall kome alle til gode, seier han.

Om Tesla skulle ende med å kombinere eksklusive ladestolpar med opne stolpar på same plass, vil berre dei opne stolpane få tilskot.

– Eg trur ikkje at dette nødvendigvis vil gjere at Tesla opnar heile nettverket sitt, men at det kan bli ein trend der dei vil også tilby opne stolpar, seier Ljosland.

Andreas Scheuer, som er Tysklands føderale minister for transport og digital infrastruktur, bad tidlegare i juni om at Tesla gjer sine ladestasjonar tilgjengelege for alle elbilar.

Vestland fylkeskommune fekk måndag «verdas gjævaste pris» innan elektrisk mobilitet.

Prisutdelinga skjedde på den globale konferansen EVS34 som fann stad i Nanjing i Kina.

Ladestasjon for elbil i Øksfjord

FINAST I LANDET? Ein av tre elbil-eigarar planlegg kor dei skal reise i sommarferien ut frå kor dei kan lade. Ladestasjonen i Øksfjord er blant dei mest pittoreske.

Foto: Hilde Bye
Laster Twitter-innhold