Hopp til innhold

Fylka har fått ansvaret for hundrevis av gamle bygningar, men manglar pengane

FØRDE/BERGEN (NRK): Frå nyttår har dei nye storfylka fått ansvaret for gravhaugar, bygningar og oppgåver som Riksantikvaren tidlegare har styrt med. Pengesekken har likevel ikkje blitt med på flyttelasset.

Statsraad Lehmkuhl (t.h.), Christian Radich og Sørlandet samlet i Bergen.

BRYGGEN I BERGEN: Tidlegare har Riksantikvaren hatt delar av ansvaret for Bryggen i Bergen, men no er det berre Vestland fylkeskommune som har ansvaret for dette kulturminnet med bygningar frå mellom anna 1700-talet.

Foto: Mats Arnesen / NRK

– Med dei nye oppgåvene vi no har fått, treng vi i alle fall seks nye stillingar. Likevel har vi berre fått 190 000 kroner frå staten, seier direktør for kultur, idrett og inkludering i nye Vestland, fylke, Per Morten Ekerhovd.

Frå nyttår har han ansvaret for vedlikehald av fleire hundre gamle bygningar som tidlegare har vore Riksantikvaren sitt ansvar. Bryggen i Bergen og fjellgardar i Sogn er døme på kulturminne som no er på fylkeskommunale hender.

Bygningane må takast vare på, gamle mellomaldergravstader må undersøkjast og søknadar på handsamast. I sum treng dei nye fylka store summar for å tilsette både arkeologar og administrasjonsfolk.

– Når vi ikkje får midlar til det, så lyt vi ta pengane frå ein annan stad på budsjettet vårt, seier Ekerhovd.

Råkar alle fylka i landet

Og det er ikkje berre i Vestland at pengeproblemet no oppstår, alle fylka har fått tilført oppgåver frå Riksantikvaren, men pengesekken er like slunken på alle flyttelassa.

Og økonomien i mange fylke er allereie under press, og kan bli endå dårlegare i tida framover.

Det er ein alvorleg situasjon, fordi vi er sikre på at det kjem til å gå utover det arbeidet som skal bli gjort på viktige bygningar, og fordi vi fryktar at det til dømes vil svekkje det formidlingsarbeidet som Riksantikvaren har gjort, seier generalsekretær i Fortidsminneforeningen Ola Fjeldheim

Fjeldheim seier at deira kartlegging syner at alle landets 11 fylke no har pengeproblem knytt til dei nye kulturminneoppgåvene dei har fått av staten.

– Her må regjeringa kome på bana og sikre at desse viktige oppgåvene får den finansieringa dei treng, seier Fjeldheim.

Fortidsminneforeningen anslår at det totalt sett manglar pengar til rundt 24 stillingar etter flyttinga av oppgåver frå Riksantikvaren til fylka.

Per Morten Ekerhovd

FOR LITE PENGAR; Kulturdirektør Per Morten Ekerhovd tykkjer han og Vestland fylke har fått for lite pengar.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Regjeringa utelukkar ikkje at det kan kome meir ressursar

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn forklarer at tanken er at dei som har jobba med kulturminne i dei gamle fylka, skal gjere delar av jobben.

– Det er jo ein del årsverk knytt til kulturminna i fylka allereie, så dei startar jo ikkje på null.

Men desse folka har vel allereie nok å jobbe med, eller tenkjer du at dei har sete utan arbeid fram til no?

– Nei, det har dei nok ikkje, men det er mogleg å dra nytte av den røynsla og det arbeidsmiljøet som allereie er der. Også er jo dette nytt, så det kan godt hende at vi må sjå nærare på dette etter kvart, og eg skal ikkje utelukke at det kan kome meir ressursar etter kvart, seier Rotevatn.

Sveinung Rotevatn

MÅ SJÅ DET AN: klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn fortel at regjeringa er opne for å sjå på løyvingane til dei nye fylka på nytt.

Foto: Bård Siem / NRK

I Vestland fylkeskommune er det i alle fall slik at dei ikkje har tenkt å henge med nebbet fram til meir pengar kjem. Sjølv om dei er fortvilte over dei budsjetta, har dei planar om å gjere ein skikkeleg jobb på kulturminnefeltet.

– Vi er opptekne av å syne at fylket er ein like bra forvaltar av desse bygningane og oppgåvene som det staten var. Det å forvalte noko av landets gjævaste kulturarv er ein flott oppgåve, og det er ei oppgåve som fylkeskommunen er i stad til å handtere.

I ein tidlegare versjon av denne saka vart det nytta bilete av Universitetsmuseet - Natururhistorie ved Universitetet i Bergen. Det nyoppussa museet på Muséplassen i Bergen er eigd av staten, og er dermed ikkje omfatta av endringane.