Havarert vogntog sperra Utvikfjellet i timesvis

Eit vogntog fekk tysdag kveld tekniske problem i Storesvingen på veg opp Utvikfjellet på fylkesveg 60. Nær ti vogntog stod i kø og kom seg ikkje vidare før bilen var fjerna.

Trailerkaos Utvikfjellet
Foto: Dan Tore Båtevik

– Først klokka 02.21 i natt var vogntoget berga ned frå fjellet, opplyser operasjonsleiar Hans Petter Harlem ved Sogn og Fjordane politidistrikt onsdag morgon.

Då det omsider var fjerna, hadde vogntoget laga kaos sidan klokka 21.30:

– Det har laga seg lang kø med store køyretøy her, for dei er det ikkje passasje for, sa Oddvar Nyland i Viking Byrkjelo til NRK.no.

Vogntoget som køyrer for Schenker, har roke ei fjør på drivakslingen. Det betyr i korte trekk at føraren ikkje får luft på bilen. Dermed mister bilen alt som heiter drivtrykk og bilen søkk heilt i hop.

No står bilen bom fast på stigningen opp Utvikfjellet, på veg frå Stryn mot Byrkjelo. Det gjer også alle andre vogntog som er på veg same strekninga. Det er redusert framkomst på staden, og mindre bilar skal kunne passere.

Prøver å få bilen ut av vegen

Det fullasta vogntoget er ikkje i stand til å komme seg derifrå med eiga hjelp.

Viking Byrkjelo prøver å få vogntoget såpass ut av vegen at dei andre vogntoga skal klare å passere, men det er ei krevjande oppgåve.

Bilbergingsbil er på veg frå Førde for å bistå.

Godt snøføre på vegen

– Det er litt kaotisk nett no. Det står iallfall to bilar på veg ned, og tre på veg opp. I tillegg står det mange og ventar i Utvik, sidan vi har gitt beskjed. Det står også vogntog på toppen av fjellet og ventar der, fortel Dan Tore Båtevik, som er på veg til Loen med vogntog.

For ein gongs skuld er det ikkje føret som er problemet når det oppstår lange køar med vogntog på ein fjellovergang.

– Køyreføret er godt snøføre, så det er ikkje eit problem. Men for han som har fått øydelagt bilen, så er det ei mager trøyst, seier Båtevik.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.