Hopp til innhold

Fusjonen som har teke nattesøvnen er mest truleg avgjort

FØRDE (NRK): Kraftfusjonen har gått utover nattesøvnen til både tilsette og dei som skal ta den endelege avgjerda. No er saka truleg avgjort.

Arild Horsevik, tillitsvald Sunnfjord Energi

KREVJANDE: Tillitsvald for dei tilsette i Sunnfjord Energi, Arild Horsevik, håpar BKK held lovnadane sine. – Garanti for stillingane våre, at vi skal ha oppmøtestader som i dag og at vaktene og beredskapen blir som før, og nokre andre ting, gjer dette svelgbart for oss, seier Horsevik.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

– Eg har absolutt brukt mykje energi på det, og det har gått litt utover nattesøvnen også. Saka har sirkulert i hovudet når eg vaknar om natta.

Det seier tillitsvald for El- og IT-tilsette i Sunnfjord Energi, Arild Horsevik.

Ap avgjer truleg

Måndag kveld vart det klart at fusjon mellom Sunnfjord Energi og BKK truleg blir gjennomført. Arbeidarpartiet vart tunga på vektskåla då bystyret i den største eigarkommunen i Sunnfjord Energi, Førde, velsigna planane.

Frå før har også Fjaler sagt ja til kraftfusjonen. Også dei tilsette, styret og rådmennene i eigarkommunane har tilrådd fusjon.

– Vi har vore i tvil, men no enda vi på at vi er positive. Vi håpar det gir utvikling, både for oss tilsette og selskapet. Så håpar vi BKK held lovnader ved like i åra som kjem, seier Horsevik.

Mista søvnen

Helge Robert Midtbø, leiar i Sunnfjord Arbeidarparti

UVANLEG: Helge Robert Midtbø trur ikkje eigarkommunane vil sjå mindre utbyte frå eit fusjonert kraftselskap. – Det er også uvanleg at ein overveldande del av dei tilsette er positive i slike saker, seier han.

Foto: Adam Pietrzak / NRK

Men, det har ikkje vore noko lett sak for verken politikarar eller tilsette. Forkjemparane legg vekt på lovnader om betydeleg redusert nettleige og minimum 40 nye arbeidsplassar i Sunnfjord og Ytre Sogn.

Motstandarane fryktar mellom anna mindre makt og eigarskap til lokale arbeidsplassar.

Leiar i Sunnfjord Ap, Helge Robert Midtbø, seier fusjonen har teke nattesøvnen frå han. Eit nei med atterhald i formannskapet, vart til slutt ja.

– Saka har vore krevjande for oss lokalpolitikarar å ta stilling til. Den vil ha verknad framover i tid. Når vi no landar, så er det ut frå ei totalvurdering, seier han.

Risiko å kjøpe

Midtbø meiner fusjonsavtalen er god og at det blir ein for stor risiko for Sunnfjord kommune å kjøpe Fjaler sine aksjar i Sunnfjord Energi. Då ville kommunen sikra aksjemajoritet i energiselskapet.

Det ville truleg ha kravd eit låneopptak Midtbø ikkje trur kommunen kunne handtert.

– Vi skal inn i ein kommune, og slik vi har forstått stoda, så er økonomien i utgangspunktet ikkje grei. Det siste eg har høyrt, er at vi manglar 40 million på drifta. Å gå inn i den nye kommunen med også nye lånebyrder, med risikoen vi ser her, så er det klart at det har vore med å avgjort kvar vi har landa.

Tilsette har tvila

Horsevik seier han ikkje er overraska over avgjerda til Sunnfjord Ap. Men han forstår tvilen som har rådd. For den har også tilsette hatt.

– Det er ikkje lett å sjå inn i glaskula. Historia greier alle å skrive, men framtida er det verre med, seier han.

– Frykta de å bli oppetne av storebror i Bergen?

– Vi veit kva vi har, men er usikre på kva det vil bringe med seg i framtida. Her i Sunnfjord har vi 120 tilsette. Vi har også eit stort selskap innan breiband, Enivest, med 50 tilsette, og ti tilsette i kontrollverksemda Etrygg. Det gir opp mot 180–190 tilsette i konsernet Sunnfjord Energi som blir råka. Det har eg som tillitsvald også måtte ta med meg.