Furebotn til Fredrikstad

Sogndal-spelaren Henrik Furebotn skal lånast ut til 1. divisjonslaget Fredrikstad ut sesongen, skriv Sogn Avis. Årdølen, som var kaptein på Sogndal i starten av sesongen, har fått lite speletid utover i sesongen. Ifylgje avisa skriv han under for FFK i dag, og han kan vere speleklar til seriekampen mot Strømmen søndag.

Eliteserien fotball 2016: Sogndal - Strømsgodset 0 - 1
Foto: Christian Blom / NTB scanpix