Hopp til innhold

Funn av kontantar leidde fram til korrupsjonssak

TRONDHEIM (NRK): Funn av kontantar heime hos ein av dei tiltalte blei starten på korrupsjonssaka knytt ein tidlegare sjef i fiskefôrselskapet Ewos og to bedriftseigarar frå Vestlandet.

Førstestatsadvokat Elisabeth Harbo-Lervik. Bak sit politioverbetjent Tor Kristian Sletengen, Økokrim

OMFATTANDE: – Det er ei omfattande korrupsjonssak og det er viktig at retten får belyst alle forhold, seier aktor Elisabeth Harbo-Lervik.

Foto: Frode Thingstad

Éin million i kontantar, gratis guteturar og dekka utgifter til luksusbåtar. Det er noko av det ein tidlegare sjef i fiskefôrgiganten Ewos og to gründerar frå Vestlandet må svare for i retten. Ingen av dei tre tiltalte erkjente straffeskuld då ankesaka starta i Frostating lagmannsrett i dag. Over 30 personar skal vitne i ankesaka.

– Det er ei betydeleg, omfangsrik sak, med veldig detaljert bevisføring. Det viser både tiltalen og at det er sett av såpass lang tid som sju veker til behandling av saka, seier aktor, førstestatsadvokat Elisabeth Harbo-Lervik.

Fann kontantar under ransaking

I innleiingsforedraget hennar kom det fram at det var då Økokrim hadde mistanke om at Ewos AS hadde kravd for mykje særavgifter refundert, at dei også fatta mistanke om andre straffbare forhold. Under ransaking heime hos den tidlegare Ewos-sjefen i mars 2015, blei det funne eit betydeleg beløp i kontantar.

– Det var det som var inngangen til denne saka, funn av kontaktar heime hos han som er tiltalt nummer ein, seier Harbo-Lervik.

Krev full frifinning

Ein gründeren og bedriftseigar frå Sunnfjord skulle avhøyrast som vitne i saka knytt til særavgiftene, men status blei endra frå vitne til mistenkt etter opplysningar som kom fram i politiavhøyr. Han og den tidlegare Ewos-sjefen blei sikta for grov korrupsjon. Seinare blei også ein gründer og bedriftseigar frå Hordaland sikta for grov korrupsjon.

Då saka blei behandla i tingretten blei Ewos-sjefen dømd til fengsel i fire år, sunnfjordingen til fengsel i tre og eit halvt år og hordalendingen i to år.

Advokatane Bjarte Grønlien og Erik Ulvesæter forsvarar den korrupsjonssikta gründeren og bedriftseigaren frå Sunnfjord.

Bjarte Grønlien og Erik Ulvesæter

FORSVARAR SUNNFJORDING: Advokatane Bjarte Grønlien (til venstre) og Erik Ulvesæter forsvarar den korrupsjonssikta gründeren og bedriftseigaren frå Sunnfjord.

Foto: Frode Thingstad

– Klienten vår vil krevje full frifinning, slik som for tingretten. Ytterlegare kommentarar finn vi det ikkje riktig å gi no midt i rettssaka, seier Grønlien.

Verksemda Ewos er ikkje part i saka, og kommunikasjonssjef Hanne Dankertsen har tidlegare presisert til NRK at dei er utsett for ein utru tenar.

  • I ei tidlegare utgåve av denne saka stod det feil forfattar av artikkelen. Dette skuldast tekniske problem, men er no retta opp i.

Korrupssjonssaka

Ein trønder, ein sunnfjording og ein mann busett i Hordaland vart alle dømde til fengsel i tingretten. Våre 2019 gjekk ankesaka i lagmannsretten i Trondheim.