Hopp til innhold

Funn av død person på Stord

Politiet fekk klokka 09:49 melding om funn av ein livlaus person på ei adresse på Stord. Politiet jobbar med å finne ut om det har skjedd noko kriminelt eller ikkje. Innsatsleiar i Sør Vest politidistrikt, Tore Frøyland-Jensen, seier pårørande er varsla.

– Når me får melding frå AMK om at det er funne ein død person utan at det er heilt soleklart kva vedkomande har døydd av, så kallar me det eit mistenkeleg dødsfall. Då blir det sett i gang etterforsking med dei ressursane som krevst, seier politiadvokat Åshild Lomeland i Sør Vest politidistrikt til NRK.

Ho viser til at det ikkje nødvendigvis har skjedd noko kriminelt. Krimteknikarar vil etter kvart komme til staden frå Haugesund.

Roger Litlatun i Sør-Vest politidistrikt skriv i meldinga at det vil bli gjennomført både teknisk og taktisk etterforsking på staden.

dødsfall Stord
Foto: Olav Røli / NRK