Hopp til innhold

Funn av død mann i Bergen

Forbipasserande melde om ein livlaus person i Vågen i Bergen sentrum. Politiet stadfester at ein mann er funnen død.

mann funnet ved beffen

FUNN AV PERSON: Ein mann er funnen død i Vågen i Bergen.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

Personen vart funnen i vatnet ved Bradbenken i Vågen i Bergen rundt klokka 10.14 julaftan.

Dette er ein mann som er funnen, seier innsatsleiar Frank Listøl.

Det skal vere snakk om ein mann i 50-årene, skriv politiet i ei pressemelding. Pårørande er varsla.

– Per no står fram hendinga som ei ulukke, og det er ikkje mistanke om noko kriminelt, skriv politiet.

Like over 11 vart mannen plukka opp av vatnet. Dei arbeider no med å undersøke kva som har skjedd. Mannen vil bli obdusert, og det har blitt oppretta sak.

– Vi vil sjå på overvakingskamera i nærleiken om det kan gjeve noko svar. Det er ein del båtar i området som kan ha sett noko eller gje noko informasjon, seier operasjonsleiar i vest politidistrikt Eivind Hellesund.

Laurdag morgon vart det sett i gang ein leiteaksjon etter funn av fotspor som stoppa ved bryggekanten og sjøen på Måseskjæret i Bergen. Det vart ikkje observert fotspor i retur.

Ifølge innsatsleiar på staden skal funnet ikkje ha noko med leiteaksjonen tidleg laurdag.

Inntrykket til politiet er at personen har lege i vatnet gjennom natta.

– Det er ikkje mistanke om noko kriminelt, men det vil eventuelt etterforskinga vise om det endrar seg, seier Listøl.

Politiet held alle moglegheiter opne tidleg i etterforskinga.

Personen blei funnen livlaus av forbipasserande.