Den omkomne er ikkje endeleg identifisert men politiet har ei klar meining om at det er ein mann i 50-åra frå distriktet.
Næraste pårørande er varsla, opplyser politiet i Sør-Vest.
– Kriminalteknikarar er komne til staden og vil jobbe her utover dagen, seier innsatsleiar Christian Alfredsen i politiet.
Ønskjer tips
Det var klokka 01.17 natt til laurdag at naudetatane blei varsla om brannen. Det var ein nabo som melde frå. Campingvogna var overtent då dei kom fram.
Brannvesenet fekk kontroll på brannen som blei meldt sløkt klokka 01.43.
Like før klokka 02 vart det gjort funn av ein død person i brannruinane.
– Me jobbar ut frå fleire hypotesar. Per no er det ikkje noko som tyder på at noko straffbart ligg bak, men me kan ikkje utelukke det, seier operasjonsleiar i politiet Victor Fenne-Jensen.
Politiet har hatt vakthald på staden fram til kriminalteknikarane kom fram laurdag føremiddag. Vakthaldet vil truleg halde fram dei neste dagane.
– Det me gjer no er arbeid på staden og ei rundspørjing i nabolaget, seier Alfredsen.
Innsatsleiar Christian Alfredsen.
Foto: Olav Røli / NRKPolitiet opplyser at det vil bli gjort ein rettsmedisinsk obduksjon for å klarlegga identitet og dødsårsak.
– Me må vente på resultata frå undersøkingane, avhøyra og obduksjon, seier Fenne-Jensen.
Dei legg til at dei ønskjer tips i saka.
– Me har snakka med folk som har meldt frå om brannen, og så ønskjer me opplysingar frå personar politiet ikkje har vore i kontakt med som har opplysingar i saka.
Sagvåg er ein tettstad i Stord kommune i Vestland fylke.