Hopp til innhold

Fundo-tilsette får ikkje lønn

Dei kring 240 tilsette ved kriseråka Fundo Wheels i Høyanger får likevel ikkje desemberløna som dei var lova.

Fundo Wheels i Høyanger

Tilsette ved Fundo Wheels får likevel ikkje desemberløna 8. januar.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Fundo Wheels slit tungt økonomisk og dei tilsette var lova desemberløn 8. januar . Men verksemda makta ikkje å skaffe til veges likviditet til å betale ut løna. Det stadfestar hovudtillitsvald Erik Flæthe ovanfor firda.no .

Dei tilsette vart i går og i dag orienterte om at løna ikkje blir å finne på konto i dag.

- Det skuldast at vår bankforbindelse, DnB NOR, inntil vidare har stogga vår kreditt, stadfestar administrerande direktør Hroar Holm Carlsen i ei pressemelding.

Har ikkje kassakreditt

- Vi har då ikkje hatt kassakreditt tilgjengeleg til mellom anna betaling av lønn. Banken grunngjev dette i at dei avventar avklaring kring ny kapitaltilførsel til selskapet, held Holm Carlsen fram og vonar at ei slik avklaring kjem i løpet av veka.

- Slik at vi kan starte opp produksjonen på måndag, skriv han.

Truga av konkurs

Verksemda slit veldig med pengemangel etter finanskrisa og sviktande bilsal. Styreleiar John Fenger vedgjekk tidlegare i veka at økonomien er stram, og at behovet for friske midlar er akutt. Verksemda er i dialog med fleire moglege investorar .

Konkursspøkelset kviler over felgprodusenten i industribygda. Ei sak i skifteretten vart nyleg unngått etter oppmoding frå advokatane til begge partar.