Hopp til innhold

Fundo mot stupet

Fundo Wheels i Høyanger greier ikkje å betjene kortsiktig gjeld, har to konkurskrav hengjande over hovudet, og dei tilsette får ikkje utbetalt lønn.

Fundo i Høyanger
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Den prekære økonomiske situasjonen er tema på eit ekstraordinært styremøte måndag ettermiddag.

Frustrerte tilsette

Hovudtillitsvald Erik Flæthe seier dei tilsette er frustrerte over at dei ikkje får utbetalt løn.

- Løna skulle ha vore på konto i dag, men har ikkje kome. Eg har ikkje greidd å kome i kontakt med nokon som kan fortelje meg når det kjem pengar.

To konkurskrav

Krisa i den internasjonale bilindustrien gjer at salet av bilfelgar har stupt, og situasjonen for fabrikken i Høyanger har gått frå vondt til verre. Løna til dei tilsette blir ikkje utbetalt, og selskapet har motteke to konkurskrav. Komande måndag kjem konkurskravet frå ISS Industri opp i skifteretten.

Ekstraordinært styremøte

Underskotet i fjerde kvartal kjem truleg opp i om lag 20 millionar kroner, og det er no ein overhengjande fare for konkurs. Dette blir også temaet på det ekstraordinære styremøtet i Fundo i ettermiddag.

Flæthe har på si side følgjande kommentar til konkursspøkelset som heng over verksemda.

- Eg har ikkje dei siste opplysingane der. Det kan vere hjelpepakker på veg som kan gi oss eit grunnlag framover slik at vi kan tilpasse oss situasjonen, som har forandra seg veldig fort. På kort sikt er det veldig vanskeleg, men greier vi å overleve ei stund til, trur eg at vi skal greie å kome i hamn med noko.

Håper å unngå konkurs

Administrerande direktør Hroar Holm Carlsen i Fundo Wheels seier sterkt svekka kronkurs er åsaka til at ein ikkje har greidd å betale ut løn til dei tilsette.

- Kassabeholdninga vår har grunna den reduserte kronekursen vorte redusert med fleire millionar kroner, seier han.

- Kor stor er faren for konkurs?

- Dette er det opp til eigarane våre å svare på. Eg har framleis stor tru på vidare drift, seier Holm Carlsen.