Hopp til innhold

330-skvadronen i Florø blir fullverdig base

Det betyr at det vil kome to redningshelikopter og omlag 40 stillingar til Florø.

Redningshelikopter

NYE HELIKOPTER: Regjeringa skal kjøpe 16 nye helikopter, og vil dermed ha fullverdig base i Florø.

Foto: Randi Indrebø / NRK

330-skvadronen sin base i Florø skal bli ein fullverdig helikopterbase. Det stadfestar justidepartementet ifølgje Firdaposten.

I dag består basen av mannskap som kjem frå andre stader og rullerer på vakter.

Årsaka til oppgraderinga er at regjeringa kjøper 16 nye redningshelikopter som skal erstatte dei noverande Sea king-maskinene.

Men det vil ta tid, og det er ikkje venta at dette vil skje før i 2020.