Hopp til innhold

Fullt kaos om regionreformen etter Viken–stopp

Samanslåingane Viken og Troms og Finnmark er lagt på is. No klør fylkespolitikarar over heile landet seg i hovudet og lurer på kva som skjer.

Fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland samla på Gulating 27.oktober 2017

GODTI GANG: Samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane er godt i gang. Her er dei to fylkestinga ved gulatingssatden i Gulen kommune.

Foto: Hordaland fylkeskommune

Trøndelag har blitt eitt fylke, og det same blir Agder frå 2020. Ut over det er det nett no mykje som er uklårt kring den store regioreformen til regjeringa.

– Det er klart at dette har eit potensial til å skape ein smitteeffekt, men no må vi først setje oss ned og vurdere kva vi skal gjere, seier fylkestingsmedlem og fylkesleiar Hilmar Høl i Sogn og Fjordane Arbeidarparti.

– Eg kan ikkje skjøne noko anna enn at vi no er nødt til å behandle denne saka i fylkestinget på nytt, seier gruppeleiar Sigurd Reksnes for Senterpartiet i Sogn og Fjordane

Slik reagerer dei på det som no skjer med Viken.

Samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane til det nye fylket Vestland er godt i gang, etter å ha blitt vedteke i Stortinget i fjor.

Men no er fylkespolitikarane usikre. For i avtalen mellom dei to fylka står det at dei berre slår seg saman om det blir totalt «kring 10 fylke» i landet.

Når samanslåinga av Troms og Finnmark no kanskje havarerer, og storfylket Viken er lagt på is, kan det hende at talet i staden hamnar nærare 15.

Også i Hedmark og Oppland er det fleire som stussar over det som skjer i Viken.

– Mi personlege meining er at dersom Viken ikkje blir noko av, så må det få konsekvensar også for samanslåinga hos oss, seier fylkesordførar Arnfinn Nergård (Sp) i Hedmark.

Både Hedmark og Oppland stemte i si tid mot å bli slått saman til det nye Innlandet fylke.

Nedstemt Hilmar Høl

MÅ VURDERE: Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti Hilmar Høl seier at partiet hans no må setje seg ned og vurdere kva dei skal gjere.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Arbeidarpartiet sit med nøkkelen i Sogn og Fjordane

I både Finnmark og Viken har Arbeidarpartiet bidrege til at samanslåinga har stoppa opp, og også i Sogn og Fjordane er det dei som sit med nøkkelen til fleirtalet i fykestinget.

Både MDG, SV og Senterpartiet kjem til å støtte eit forslag om å stoppe samanslåinga av Vestland.

Om Arbeidarpartiet også gjer det, vil det kunne vere eit fleirtal for ei slik reversering i Sogn og Fjordane fylkesting.

Stortingsrepresentant Ingrid Heggø for Sogn og Fjordane Ap meiner at det er regjeringa sjølv som har skuld i at regionreformen har hamna i denne situasjonen.

Alfred Bjørlo

RO NED: Alfred Bjørlo, ordførar på Eid og fylkestingsrepresentant for Venstre, meiner det det berre er å roe ned. Han kjenner seg heilt trygg på at samanslåinga av Vestland går sin gang.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Dette har blitt til eit rot, og det er regjeringa som har rota det til. Dersom dei hadde høyrt på oss, og ikkje brukt tvang i denne reformen, vil dette gått mykje lettare, seier Heggø.

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) i Sogn og Fjordane er innstilt på at samanslåinga går sin gang, men er frurstrert over situasjonen som no har oppstått.

– Dette skaper eit kaos, og det er ingen som er tent med kaos. Vi kan berre forholde oss til at Stortinget har vedteke at Vestland skal bli eit fylke, og fram til det kjem eit nytt vedtak er det vanskeleg å gjere noko anna, seier Følling.

Monica Mæland ved Damsgårdsundet, Bergen

IRRITERT: Kommunalminister Monica Mæland meiner at det som no skjer er nett det regjeringa åtvara mot då dei sa at Finnmark ikkje burde stogge samanslåingsprosessen med Troms.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Kommunalministeren: – Det var dette vi åtvara mot

Kommunalminister Monica Mæland (H) meiner derimot at det er Arbeidarpartiet og lokalpolitikarane i Finnmark som har skulda.

– Det var akkurat dette vi åtvara mot. Når Finnmark boikotter eit stortingsvedtak og får støtte for det frå opposisjonen på Stortinget, så er det naturleg at andre delar av landet også ønskjer ein omkamp, seier Mæland.

Fylkestingsrepresentant Alfred Bjørlo for Sogn og Fjordane Venstre meiner på si side at det ikkje er noko grunn til å bli uroleg over all forvirringa rundt regionreformen.

– Min heilt klare spådom er at Vestland blir eitt fylke i frå 1. januar 2020. Den spliden som no er i Finnmark og Viken er eigentleg ikkje samanlignbar med den positive prosessen vi har på Vestlandet, seier Bjørlo.