Hopp til innhold

Fullt av skit ved attraktivt utsiktspunkt

Ved utsiktspunktet Stegastein i Aurland gjer turistane frå seg i naturen. Det flyt av skit og dopapir.

Utkiksplattforma på Stegastein i Aurland

PRAKTFULLT UTSYN, MEN: Stengt toalett og stinkande ekskrement rundt utsiktsplattforma på Stegatein øydelegg opplevinga.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Måndag vart det kjent at det flyt av skit og toalettpapir på rasteplassen Vatnasete på riksveg 5 i Sogndalsdalen. Årsaka er at toalettet på rasteplassen har vore ute av stand.

Ved utsiktspunktet Stegastein på fjellvegen mellom Aurland og Lærdal er eitt av to toalett stengt, og grunneigar Geir Ove Kvam fortvilar.

– Det høyrer ingen stad heime at toalettanlegget er stengt no midt i turistsesongen. Det fører til at folk må bruke området omkring i staden, og då blir det veldig tilgrisa. Det er fullt av både ekskrement og toalettpapir.

Han fortel at dei har sett at guidane på ein del av turistbussane står og deler ut toalettpapir til passasjerane.

Stengt toalett på Stegastein

STENGT: Dette skiltet møter trengde turistar på Stegastein.

Foto: Geir Ove Kvam

– Veldig dårleg reklame

Kvar dag går det opp mot 15 bussar med turistar frå Flåm til Stegastein. I tillegg er det stor trafikk med privatbilar. Kvam meiner det er for dårleg at Statens vegvesen ikkje syter for at toaletta ved det populære utsiktspunktet kan brukast.

– Det er veldig dårleg reklame. Det er brukt fleire titals millionar på opparbeiding av vegen, og det blir brukt fleire millionar på marknadsføring av vegen. Så kjem turistane og møter stengde toalett og tilgrisa område. Det er ei dårleg oppleving både for dei og for oss som bur her.

– Må reparerast

Eivind Yttri, seksjonsleiar, Statens vegvesen region Vest

– UHELDIG: prosektleiar Eivind Yttri i Statens vegvesen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Prosjektleiar Eivind Yttri i Statens vegvesen vedgår at det er uheldig at toaletta er stengde midt i turistsesongen.

– Både på Vatnasete og på Stegatein må vi ha reparasjonar på toaletta. På Stegastein er det vakuumtoalett, og det toler veldig lite når det blir tømt andre ting nedi enn det som skal vere der. Det er nesten ikkje grenser for kva folk kan finne på å putte nedi.

Yttri seier at dei gjer det dei kan for å få tak i delar så fort som råd.

– I framtida håpar eg vi kan bli flinkare til å ha slike delar på lager.

– Kva med busstoaletta?

Øyvind Listou er yrkessjåfør og har sett mykje rart langs vegane.

– Eg køyrer 360 dagar i året, og eg meiner at ein ikkje må rette bakar for smed. Rett nok er vegvesenet ofte seint ute med å tømme toaletta og få dei i stand att, men eg vil påstå at det er andre som må ta hovudansvaret for tilgrisinga på rasteplassane.

Han viser til at dei aller fleste moderne bussar har toalett.

– Men dei blir ikkje brukte fordi sjåførane ikkje vil ha arbeidet med å tømme dei. Eg har også mistanke om at mange som køyrer bubil og campingvogn kvir seg for å bruke sine eigne toalett.