Fullstendig kaos då vogntog stod bom fast over Filefjell

Opp mot 20 vogntog stengde E16 over Filefjell i dag, og skapa fullstendig kaos. Statens vegvesen har opna fjellovergangen.

Kaos på Filefjell

LANG KØ: Dei vogntoga som er godt nok skodde blir stoppa av vogntog som ikkje har utstyret i orden. Foto: Jan Steinar Åsarmoen

Klokka 13.15 melde Statens vegvesen at det er ope for fri ferdsel over Filefjellet.

Vitne fortel om rundt 20 vogntog som stod bom fast. Lange køar blei danna.

Her finn du oversikten over fjellovergangane akkurat no. For augeblikket er E134 over Haukelifjell, riksveg 13 over Vikafjellet og riksveg 52 over Hemsedalsfjellet heilt opne av fjellovergangane mellom aust og vest.

Når NRK pratar med Jan Steinar Åsarmoen instruerer han andre vogntogsjåførar om kva dei må gjere. Dei har ikkje kjetting på, og Åsarmoen hjelper til så godt han kan.

Han køyrer vogntog sjølv, men i dag forsøker han å kome over i vanleg personbil.

– Eg blir så oppgitt. Ingen kjem forbi, dei står på kryss og tvers, seier han, og held fram:

– Sjå kor farleg det er når ein ikkje har utstyr og aksling i orden.

Statens vegvesen fortel at det er ein trailer som sperrar vegen, og at dei håpar det vert opna i løpet av ein time.

– Bergingsbil er på veg, seier Ketil Molvær, trafikkoperatør.

Til Bergens Tidende seier trafikkoperatør Tina Fjeldavli at entreprenøren på plass skal strø heile fjellet med sand.

Åsarmoen fortel at det er utanlandske vogntog som har størst problem. Vogntog som er godt nok skodde har ikkje anna å gjere enn å stoppe.

– Det er fleire kilometer med kø, seier han.

For drygt eit år sidan vart 20 kilometer av nye E16 mellom Valdres og Lærdal opna, som var eitt av fire delprosjekt for å ruste opp vegen over Filefjell. Totalt kosta prosjektet 3,1 milliardar kroner.