Hopp til innhold

Fulle ungdomar tok seg inn på beite – reid på hest og la igjen boksar med alkohol

To rusa ungdomar plaga hestane med lys og leven. – Eg vart utruleg sint, seier hesteeigaren. Veldig problematisk, meiner NOAH, som oppmodar å melde dyreplageri til politiet.

Linn Therese Grytten

BRAUT SEG INN: Hesteeigar Linn Therese Grytten fryktar at det kunne ha gått mykje verre, både for hestane og for dei uinnbodne ungdomane.

Foto: Sunniva Grimstad Hestenes / NRK

Natt til søndag fekk hesteeigar Linn Therese Grytten ein telefon om at to mindreårige ungdomar hadde hoppa over gjerdet inn til hesten og ponnien hennar.

I åra som har gått har Grytten latt hestane kose seg på sommarbeite i Florø i Kinn kommune. Sommarkosen fekk ein stopp då dei to braut seg inn.

I rusa tilstand forstyrra dei hestane med lys og leven. Ein av ungdomane sette seg også oppå den eine hesten.

Grytten var på same tid bortreist, åtte timar vekke frå hestane.

– Først var eg veldig sint, så vart eg redd. Det var frustrerande at eg ikkje kunne gjere noko, seier Grytten.

Det var ei forbipasserande dame som vitna hendinga. Idet ho stoppa bilen vart dei to ungdomane redde og drog, fortel hesteeigaren.

Ville gi hesten alkohol

På åstaden forlét ungdomane fleire boksar og flaskar med alkoholhaldig drikke.

I etterkant har Grytten fått tilgang til ein video som dei to ungdomane sjølve tok opp frå ugjerninga. NRK har sett opptaket.

I videoen syner det at den eine ungdomen rir på den store hesten. I tillegg spør ungdomen hesten om han har lyst på alkohol.

Då Grytten kom tilbake fann ho særskild ponnien forskremd. Vanlegvis er han imøtekomande, men etter hendinga har han vore stressa og redd. Ho er redd for at ungdomane forsøkte å setje seg på ponnien.

– Han er såpass liten og toler ikkje mykje vekt. Set nokon seg på han får han store skadar i ryggen, seier ho.

Linn Therese Grytten

EI LEKSE: Hesteeigar Linn Therese Grytten håpar ungdomane har lært seg ei lekse.

Foto: Sunniva Grimstad Hestenes / NRK

– Kunne gått mykje verre

Hesteeigaren får støtte frå veterinær og leiar i dyrevernorganisasjonen Noah, Siri Martinsen.

– Det å forstyrre dyr som går på beite er absolutt veldig problematisk. Dyr skal få vere i fred, seier ho.

Det er ikkje ofte dyrevernorganisasjonen høyrer om folk som bryt seg inn til husdyr. Ho trur dette kunne ha gått mykje verre.

Siri Martinsen - Noah

ALVORLEG: – Å forstyrre dyr på beite kan pådra både dyr og menneske alvorlege skadar, seier leiar i Noah, Siri Martinsen.

Foto: Bente Isefjær

– Det kan oppstå farlege situasjonar både for dyra og dei som bryt seg inn. Hestar som blir skremde kan pådra seg sjølve og dei kring seg alvorlege skadar, seier ho.

Det er også lett å gløyme at det kan vere ei mental påkjenning som får langvarige konsekvensar for dyra, fortel Martinsen.

– Om ein opplever at folk skremmer eller plagar dyr, vil Noah tilrå at ein alltid melder frå til politiet.

Ba om orsak

I etterkant har Linn Therese Grytten og sambuaren hennar vore i kontakt med dei to ungdomane.

– Dei bad om orsak for det heile, og hevda dei aldri gav hesten alkohol og at dei berre tulla. Likevel klarar eg ikkje å stole på dei, seier ho.

Grytten er usikker på om ho skal melde dei to til politiet. Først skal dei kontakta foreldra til ungdomane.

Ho meiner det like gjerne kunne enda annleis.

– Sprett hestane til i ein slik situasjon er det fort gjort at ein hamnar på bakken med ein hest oppå seg. Det er ikkje sikkert dei er like snille ein annan gong, seier Grytten.