Hopp til innhold

Fulle hotell på heile Vestlandet

Hotella på Vestlandet går ein travel sommar i møte med fulle bestillingslister. Bransjen trur at naturen og kjensla av tryggleik er det som lokkar turistane.

Knut Lindstrøm

LÆRDAL: Hotella til Knut Lindstrøm er nesten fullbooka for sommaren.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Vi har veldig høgt belegg i sommar. Frå juni til august har vi ikkje mykje ledig. Då er vi 90 prosent fullbooka, fortel Knut Lindstrøm.

Han driv to hotell i Lærdal som til saman har 118 rom.

Ved fjorden i Fjærland driv Bård Huseby eit litt mindre hotell, med plass til 35 gjestar.

– Vi har fullt opp med bestillingar i juni, juli og august. Med eit belegg på 98 prosent kan det ikkje bli fullare.

Han har opplevd ei stor auke frå i fjor.

– I mai hadde vi ei auke på 70 prosent og så langt har vi ei auke i omsetninga på 50 prosent i juni, fortel han.

Må avvise gjestar

– Hos oss er det rein jubel. Dette blir det beste året vi har hatt nokon gong, seier Dag Jarle Aksnes i Fjord Norge. Dei er eit reiselivsselskap for dei fire Vestlandsfylka.

– Vi må avvise mange rett og slett fordi det er fullt. Særleg inne i fjordane er det vanskeleg å få rom i sommar.

Dag Jarle Aksnes i NCE Turisme Fjord-Norge

FORNØGD: Dag Jarle Aksnes i Fjord Norge er fornøgd med høge bookingtal hjå hotella på Vestlandet.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

Trenden er den same over store delar av Vestlandet. Ved Ullensvang Gjesteheim i Hardanger har dei mykje fleire førehandsbestillingar enn tidlegare.

På Hotel Geiranger har dei ikkje kapasitet til å ta i mot alle turistane.

– Vi har lange ventelister som vi ikkje kan ta i mot. Så vi er meir eller mindre fullbooka heile sommaren, fortel hotelleigar Tore Haldorsen.

Hotellsjef Maud Haldorsen og direktør Tore Sævil Haldorsen

GEIRANGER: Hotellsjef Maud Haldorsen og direktør Tore Haldorsen ved Geiranger hotell opplever stor etterspurnad etter hotellrom.

Foto: Frank Stenersen

Tryggleik er viktig

Dag Jarle Aksnes i Fjord Norge seier at folk først og fremst kjem på grunn av naturen og fordi dei har høyrt om dei norske fjordane. Tryggleiken er også eit argument.

– Vi blir oppfatta som ein fredeleg stad og folk kjenner seg trygge her.

Dette bekreftar Bård Huseby ved Fjærland Fjordstove.

Eg trur hovudgrunnen er at dei landa som har vore dei store feriedestinasjonane gjennom ei årrekke som Egypt, Tyrkia og Tunisia ikkje er like populære lengre. Dette gjer at Norge har fått meir turistar. Vi har vore spart for terroraksjonar og derfor opplevast det som trygt.

Også Knut Lindstrøm i Lærdal har høyrt desse argumenta frå dei besøkande.

– Diverre er det slik at det som skjer i Europa med terror gjer at Norge opplevast som trygt og godt. Når turismen aukar i Skandinavia er det ein del av grunnen, meiner han.