– Eg er ikkje imponert over framferda. Det kostar samfunnet ein god del pengar og svekkjer beredskapen når ein sender ut slike ressursar unødvendig, seier vaktleiar Dan Inge Gjesdal ved Alarmsentralen i Florø.
Slo full alarm
Alarmen for høge gassverdiar i Lærdalstunnelen gjekk i 1440-tida laurdag. Tunnelen stengde seg automatisk, men verdiane steig så raskt at Vegtrafikksentralen frykta bilbrann. Samstundes som dei byrja å gå gjennom kring 200 kamera, varsla dei Alarmsentralen.
– Vi plar få melding om vogntog som røyklegg tunnelen, men det gjorde vi ikkje i dag, seier trafikkoperatør Ronny Sleire.
– Sjølv om viftene byrja å få litt bukt med gassane, så ventar vi ikkje for lenge om det er brann i ein så lang tunnel. Vi bad brann om hjelp, seier trafikkoperatør Ronny Sleire.
Ferske bremsespor
Brannvesenet køyrde gjennom tunnelen utan å finne verken trafikkulukke eller bilbrann. Trafikken skal heller ikkje ha vore stor nok til å forklare dei høge gassverdiane.
Derimot fann dei tydelege spor etter burning i begge lyshallane midt i den 24,5 kilometer lange tunnelen. Tunnelen vart stengd i kring ein halvtime.
– Det var relativt ferske bremsespor frå eit køyretøy som har køyrt rundt i mange slags retningar. Det er nærliggande å tru at det er årsaka, seier assisterande brannsjef i Aurland brannvern, Tor Mikkel Tokvam.
Ikkje ufarleg
Sleire seier det heldigvis ikkje er ofte dei får melding om slike tylefakter i tunnel. For slik leik er ikkje ufarleg og ikkje i tråd med vegtrafikklova.
– Det er ofte unge og uerfarne som driv med slikt tull. Ein kan fort miste kontroll på bilen, og du kan treffe fjellveggen eller møtande trafikk, seier vaktoperatøren.
Han har fleire bilbrannar i vestlandstunnelar friskt i minne.
- Les også: Buss i brann i Gudvangatunnelen E16
- Les også: Vogntog i brann i Gudvangatunnelen
- Les også: Brannen i Skatestraumtunnelen
- Les også: Spylebil tok fyr i Fjærlandstunnelen
– Neste gang kan syndaren blir fanga på kamera. Då blir det meldt. Slikt likar vi ikkje, seier Sleire.
Blir nokon tekne for det, så kan dei bli erstatningspliktige ovanfor naudetatane.
Førarkortbeslag
UNDRAR: Assisterande brannsjef i Aurland brannvern, Tor Mikkel Tokvam, undrar seg over at nokon tek sjansen på å burne i ein tunnel på dagtid.
Foto: Aurland brannvernOperasjonsleiar Lars Geitle var ikkje kjend med at burning var årsaka til at dei først måtte kalle ut, for så å kalle tilbake, ein politipatrulje. Vanlegvis slår dei ned på burning med anten politimelding eller førarkortbeslag.
– Det kjem an på kvar det skjer og farepotensialet. Snurrar ein rundt på parkeringsplass med andre bilar og menneske, så er det meir alvorleg enn å gjere det på ein aude plass. Slikt er i strid med vegtrafikklova, seier han og meiner tilfellet i dag er alvorleg.
– I dag vart det unødig bruk av ressursane til politi, brann og helse. Slikt kan gjere at ein blir forseinka til neste oppdrag, seier Geitle.