- Det har vore ei lang natt, fortel ein trøytt Norekvål.
Han driv eit pensjonat i Phuket i Thailand, og var ute og drakk øl med nokre av gjestene då tsunami-varselet vart sendt ut på fjernsynet.
Ropte «tsunami!»
- Me tok det veldig alvorleg, og det brøyt ut full panikk blant det lokale folket. Dei stengde barane og sprang vekk med kassaapparata, fortel han.
Det tok ikkje lang tid før gatene i Phuket var fulle av flyktande folk.
- Dei ropte «tsunami!». Det var fullt trafikkaos og mange rømte til fjells, skildrar Norekvål situasjonen som oppstod.
Folk var redde
Sjølv var han heldig og fekk tak i ein drosje til seg sjølv og gjestene. Dei køyrte attende til pensjonatet, som ligg eit stykke unna strandsonen.
- Det som skjedde 2. juledag har jo satt ein støkk i folk. Dei vart veldig redde og rysta i går, seier Norekvål, som likevel ikkje har planar om å stenga pensjonatet.
Tsunami-faren vart avblåst i halv ti-tida i går kveld, norsk tid.