Hopp til innhold

Full strid om korleis dei nye fråværsreglane bør vere

Fråværsregelen returnerer til hausten, men alt no varsler kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) at ho vil endra han.

Tea Gustavssen Rakstad, Anja Mundal, Heid Astrid Hellem

FÅ I ROMMET: – Det var ein periode der vi bare var fire personar i klasserommet. Det går jo utover læringa, seier Tea Gustavssen Rakstad, Anja Mundal og Heid Astrid Hellem ved Hafstad VGS.

Foto: Ole Kristian Svalheim

Det vert sikkert vanskeleg å komme seg inn i rett «rytme» igjen, seier venninnene Tea Gustavssen Rakstad, Anja Mundal og Heid Astrid Hellem.

Dei tre førsteklassingane ved Hafstad vidaregåande skule i Sunnfjord er blant kulla som berre så vidt rakk å bli kjende med fråværsregelen før han vart «suspendert» under pandemien (sjå faktaboks).

Måndag melde Kunnskapsdepartementet at dei på ny innfører fråværsreglane.

No varslar kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) at ho ynskjer seg «eit mindre rigid» reglement, og at ho innan i sommar vil sende eit oppdrag om dette til Utdanningsdirektoratet.

Vi tek ein gjennomgang på om regelverket er for komplisert og for byråkratisk, seier ho (heile svaret i faktaboks).

Fråværsgrensa var omstridd då ho vart innført av Solberg-regjeringa i 2016. Det er difor politisk og ideologisk sprengkraft i kor annleis dei nye reglane bør vere.

Tonje Brenna

FIRKANTA: Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) ynskjer seg «eit mindre byråkratisk og rigid» reglement for fråvær.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Bør reversere «Høgre-skulen»

Det er trist at regjeringa ikkje grip moglegheita til å reversere «Høgre-skulen», seier leiar i Raud Ungdom, Alberte Tennøe Bekkhus.

Kravet om store endringar og «mindre moralisering» er også omkvedet frå Elevorganisasjonen og SV.

«Koronaskulen» har gitt oss mange erfaringar. Ei av erfaringane var at fråværsgrensa er rigid og lite fleksibel. Regjeringa bør difor lage eit reglement som passar betre med røyndommen, seier Freddy André Øvstegård (SV) i Utdannings- og forskingskomiteen.

MDG har vedteke at dei vil sikre betre moglegheit for individuell vurdering i regelverket om fråværsgrensa.

Kanskje fråværsgrensa må vere høgare, for eksempel 15 prosent? Det bør vurderast, seier Elisabeth Lindland i MDG.

Norbert Marchewka og Melisa Elshani jobbar saman på ei skuleoppgåve.

Norbert Marchewka og Melisa Elshani prøvar å møte so mykje dei kan for å sikre seg gode karakterar på vitnemålet. Oppgåva dei skriv saman vil verte ein del av det læraren skal bruke for å gje dei karakterar.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK
Gharam Al-Khalili og Norbert Marchewka jobbar på ei gruppeoppgåve.

– Eg prøver å kome i kvar skuletime og stille kvar dag, seier Norbert Marchewka. Saman med Gharam Al-Khalili jobbar dei på ei gruppeoppgåve som vil bli ein del av deira karaktergrunnlag.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK
Norbert Marchewka jobbar med skule. F.v. Deni Dubaev, Vemund Egeli, Gharam Al-Khalili og Norbert Marchewka.

Marchewka forstår veldig godt dei som ikkje møter på skulen. – Om dei hadde vald å kome i dag, men ikkje vere til stades, på ein måte, so hadde det påverka korleis dei var i timen, seier han.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Ingen grunn til å gjere vesentlege endringar

Frå anna hald er det semje om at ordninga i det store og heile er god som den er.

Helle Christin Nyhuus, leiar i Norsk Lektorlag: Fråværsgrensa har fungert godt, så det er ingen grunn til å gjere vesentlege endringar.

Steffen Handal, leiar i Utdanningsforbundet: Vi ynskjer berre moderate justeringar i fråværsgrensa.

Himanshu Gulati, skulepolitisk talsmann i Frp: Fråværsgrensa fungerer, men bør gjerast meir fleksibel enn i dag, slik at til dømes oppkøyring og obligatoriske køyretimar blir rekna som gyldig fråvær.

John Andre Kongsvik, Høgre: Det bør ikkje gjerast store justeringar. Fråværsgrensa har bidrege til ein historisk reduksjon i fråværet og fråfallet i skulen.

FAFO evaluerte fråværsgrensa i 2020 og fann at fråværet blant elevar i vidaregåande skule vart redusert med 27 prosent etter at grensa vart innført.

Kjersti Marie Heldaas sin tweet
Foto: Skjermbilete / Twitter

Ikkje alle ungdommar er modne nok

Det har vorte ein slags aksept om at fråvere er greitt, sa Thom Jambak, sentralstyremedlem i Utdanningsforbundet tidlegare, i mai.

Uttalen kom etter rapportar om «halvtomme klasserom» og jublande russ som sa at «vi har ikkje fråværsgrense og ikkje eksamen, altså, det blir jo berre legendarisk.»

Pandemien har vist at ikkje alle ungdommar er modne nok til å ha ansvaret for oppmøtet sitt, seier Jorunn Felde, som er rektor ved Sogndal vidaregåande skule.

Ho presiserer at deira skule ikkje har hatt like høgt fråvere som andre skular har rapportert om denne våren.

Tal frå Vestland fylkeskommune viser at avgangselevane ved vidaregåande skule i fylket i snitt har hatt 16,4 fråværsdagar dette skuleåret (fram til 11. mai).

«Unormalt høgt», skriv avdelingsdirektør for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune i eit brev til politikarane i fylket.