Hopp til innhold

Full storm på veg mot kysten av Vestlandet

På torsdag skal det blåse opp mot full storm, men allereie i dag har ruskevêr bydd på problem.

Store bølger mot Kråkenes fyr

UVÊR: Bur du i Sogn og Fjordane eller Hordaland? Då kan du vente deg sterk vind på torsdag.

Foto: Thomas Bickhardt / Scanpix

– Dette er eit stormsenter som kjem frå vest i Norskehavet. Vi får vindauke natt til torsdag som kan by på mykje vind langs Vestlandet, seier statsmeteorolog, Kristin Seter.

Det er spesielt Hordaland og Sogn og Fjordane som får kjenne på den sterke vinden. Ved Stad kan det bli full storm med vindkast opp i 30 meter i sekundet. Rogaland og Møre og Romsdal vil få stiv til sterk kuling.

Då kan det vere lurt å sikre lause gjenstandar, meiner meteorologen. Særskilt Nordfjord kan få lokalt kraftige vindkast.

Frå torsdag morgon vil sludd og snø i kombinasjon med kraftig vind føre til vanskelege køyreforhold på fjellovergangane.

Laster Twitter-innhold

Snø- og isdekke på fjellovergangar

Dårleg vêr har allereie i dag bydd trøbbel for fleire. Statens vegvesen melde at E16 ved Oddebrui på Maristova, på veg opp til Filefjell, vart stengt på grunn av bilberging.

– Fem vogntog hadde problem grunna glatt føre. Bilberging kom raskt til og det har blitt salta, seier Tina Fjeldalvi, som er trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen i Bergen.

Sognefjellet, 15.11.2017

SOGNEFJELLET I DAG: Sånn ser det ut på rv. 55 over Sognefjellet i dag.

Foto: Skjermdump / Statens vegvesen

Bu deg på dårleg sikt om du skal over fjellovergangane i Sør-Noreg.

– Det er stort sett snø- og isdekke med redusert sikt, seier Fjeldalvi.

Klokka 1630 var situasjonen slik på fjellovergangar i Sør-Norge.

  • E6 Dovrefjell: Stort sett snø- og isdekke, fare for glatte parti.
  • E16 Filefjell: Snø- og isdekke.
  • E134 Haukelifjell: Snødekke, fare for glatte parti.
  • Rv. 7 Hardangervidda: Kolonnekøyring grunna av uvêr.
  • Rv. 9 Hovden-Haukeli: Snødekke, fare for glatte parti.
  • Rv. 13 Vikafjellet: Snø- og isdekke..
  • Rv. 15 Strynefjellet: Snø- og isdekke. Fare for glatte parti og redusert sikt.
  • Rv. 52 Hemsedalsfjellet: Snø- og isdekke.
  • Fv. 50 Hol-Aurland: Snø- og isdekke.
  • Fv. 53 Tyin-Årdal: Snø- og isdekke, fare for glatte parti.
  • Fv. 55 Sognefjellet: Stengt grunna uvêr. Blir ikkje opna i dag.