Full stopp på Anda–Lote for tredje gong

For tredje gong på ei veke er det problem på ferjesambandet Anda–Lote. No har Eid-ordførar Alfred Bjørlo mista tolmodet.

MF Årdal til kai for reparasjon

INNSTILT: Det er trøbbel med motoren på MF Årdal på Anda–Lote.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Det er tredje gong på ei veke, og for åttande gong i haust det er full stopp på E39 Anda–Lote. Det er på veg til å bli ein parodi. Dette går berre ikkje lenger, seier Alfred Bjørlo som er ordførar i Eid.

Den eine motoren på ferja MF Årdal har stogga, og gjer at sambandet er ute av drift.

– No er det to alternativ. Enten får vi ordna opp i problemet med MF Årdal snart, elles må vi sette inn ei reserveferje. Den kan komme om halvanna til to timar, seier Tor Kristoffersen som er pressekontakt ved Fjord1.

Seinast på torsdag var ferja innstilt. Etter nok ei melding om problem på ferjesambandet krev Eid-ordføraren handling.

– No må snart Statens vegvesen og Fjord1 gjere noko. Vi kan ikkje leve med ei ferje som bryt saman på ein av dei mest trafikkerte ferjestrekningane på Vestlandet.

Åtte innstillingar

Etter ein haust med åtte stengingar på sambandet, meiner Bjørlo det berre er ein ting som gjeld.

– På kort sikt er det eitt enkelt og greitt tiltak som gjeld. Det er få tilbake ferja som gjekk på sambandet i fjor. MF Lote var ei ferje med reservemotorar som var robust nok til å gå på eit sånt samband. Ferja som går her i dag taklar det ikkje.

​Kristoffersen i Fjord1 seier at han forstår at folk blir frustrert med fleire innstillingar på ei veke.

– Eg forstår at folk mista tolmodet og blir frustrert. Det er mest sannsynleg tilfelle bak det heile, men vi skal ha ei runde med fagfolk på dei tekniske problema.