Full søkjarstopp for hjelp til jobbmeistring

NAV Hordalands Senter for jobbmeistring har ikkje kunne tilby hjelp til nye søkjarar sidan 11. september i fjor. No er det førebels stopp for nye søkjarar.

NAV

INNTAKSSTOPP: NAV sitt Senter for jobbmeistring i Hordaland

Foto: Holm, Morten / Scanpix

– Me har hatt stor innsøking, slik at me måtte ta ein inntaksstopp for å forhindre at folk måtte stå på ventelister, seier Fylkesdirektør i NAV, Anne Kverneland Bogsnes.

Anne Kverneland Bogsnes

KJEM IKKJE TIL Å TILSETJE FLEIRE: Fylkesdirektør i NAV Hordaland, Anne Kverneland Bogsnes

Foto: NRK

Tal på søkjarar til senteret steig med nesten 40 prosent frå fyrste halvår 2012 – fyrste halvår 2013. Senteret har ikkje kapasitet til å ta i mot dei nye søkjarane, og valde difor å stoppe inntaket 11. september i fjor.

NAV Hordaland kjem ikkje til å tilsetje fleire for å kunne ta i mot alle søkjarane.

– Me vil ikkje tilsetje fleire folk. Me har NAV-kontora, fastlegar og andre tenester som desse brukarane kan nytte seg av. Dette er eit spesialtilbod som me gjev til ein del av gruppa som me yter tenester overfor, seier Kverneland Bogsnes.

Har gitt synlege resultat

Senter for jobbmeistring skal hjelpe folk som opplever angst og/eller depresjon, til å komme seg, eller halde seg, i jobb. Til skilnad frå oppfølginga ein får på eit NAV-kontor, får ein her både jobbstøtte og terapi.

Marianne Misje

KOMBINERER TERAPI OG JOBBSTØTTE: Marianne Misje ved Senter for jobbmeistring i Hordaland

Foto: NAV Hordaland

– Dei får hjelp til å både handtere dei psykiske plagene sine av kognitive terapeutar saman med praktisk støtte av jobbkonsulenter. Det kan vere karriererettleiing, jobbsøk, intervjutrening, om det er å ta samtalen med leiaren når ein er sjukmeldt, alt som vedkjem arbeidslivet. Det er dette som er spesielt med Senter for jobbmeistring, seier Marianne Misje, psykologspesialist og teamleder ved Senter for jobbmeistring i Hordaland.

Ein forskingsrapport frå juni 2013, utført på oppdrag frå Arbeids- og velferdsdirektoratet, synte at måten senteret arbeider på er effektiv i å hjelpe folk som slit med å vere i jobb.

– Du får god oppfølging frå NAV, og du får god oppfølging frå helsevesenet. Men det forskinga synte var at når ein kombinerer arbeidsretta kognitiv terapi og individuell jobbstøtte – så gjev det eit betre resultat. Folk kjem raskare tilbake i jobb, seier Marianne Misje.

Ikkje bygd ut tilbodet – trass gode resultat

Ein viktig del av arbeidet til Senter for jobbmeistring er å jobbe førebyggjande for å hindre sjukefråvær. Både fastlegar, NAV-kontor og bedriftshelsetenester kan søkje inn folk. I tillegg kan den einskilde søkje inn seg sjølv.

Torkil Åmland

SKAL VIDAREFØRE SENTERET: Torkil Åmland i Arbeids- og sosialdepartementet

Foto: Arbeidsdepartementet

Fylkesdirektøren stadfestar at senteret har synt seg å gje svært gode resultat, men seier dei ikkje har pengar til å byggje ut tiltaket.

– Hadde me hatt uavgrensa med ressursar, så skulle eg gjerne sett at me kunne bygge opp tilbodet, men det har me ikkje og dermed så må me då balansere så godt som me kan, seier Kverneland Bogsnes.

Torkil Åmland i Arbeids- og sosialdepartementet seier arbeidet med å utvikle senteret skal halde fram, men kan ikkje seie kor mykje meir pengar dette prosjektet vil få i det neste budsjettet.

– Planen er at denne metoden og denne måten å jobbe på skal vidareutviklast, og at det skal byggjast vidare på dei gode resultata. Akkurat konkret korleis me gjer det, jobbar me med i budsjettprosessen me er i no. Så noko konkrete tal har me ikkje no. Det kjem me tilbake til når me legger fram budsjetta, seier Åmland.