Hopp til innhold

Full krangel om landbruksforhandlingane

Måndag skal Venstre presentere sitt forslag til løysing i landbruksforhandlingane på Stortinget, no er det full krangel om kva dei eigentleg kjem til å legge på bordet.

Sveinung Rotevatn

SATSAR PÅ VESTLANDET OG NORD-NORGE: Sveinung Rotevatn hevdar at Venstre vil prioritere å bruke pengar på små og mellomstore bruk, og ikkje i sentrale strok.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi vil bruke meir pengar enn det regjeringa ville, og vi vil prioritere små og mellomstore bruk på Vestlandet, i Nord-Norge og i fjellstroka, seier Venstre sin stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn.

Førre veke braut Venstre og KrF forhandlingane med regjeringa fordi dei ikkje var fornøgde med kor mykje pengar regjeringa ville bruke, og denne veka braut Venstre med opposisjonen på Stortinget fordi dei meinte den ville bruke for mykje pengar.

Les også: – Eg er skikkeleg skuffa

– Grunnen til at vi trakk oss ifrå forhandlingane med dei raudgrøne og KrF, er at dei ville prioritere dei store og lettdrivne bruka. Dei ville gje meir til dei sentrale stroka, seier Rotevatn.

Hevdar dei raudgrøne ville sentralisere

Han hevdar at forslaget som Venstre kjem med på måndag er betre for dei mindre bruka.

– Forslaget til opposisjonen og KrF ville ha vore sentraliserande, det ville ha gitt meir til dei sentrale stroka og dei store bruka.

Høring Stortinget.

BERRE TULL: Geir Pollestad seier at Sveinung Rotevatn berre snakkar tull når han forklarer kvifor Venstre braut forhandlingane med opposisjonen på Stortinget

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Ikkje eit snev av sanning

Men stortingsrepresentant Geir Pollestad seier at Rotevatn ikkje fortel sanninga.

– Det er ikkje eit snev av sanning i det Rotevatn seier. Venstre var oppteken av ein ting i desse forhandlingane, og det var å ikkje gje like mykje pengar til jordbruket som det vi ønskte.

Også KrF sin første kandidat i Sogn og Fjordane Tore Storehaug meiner at Rotevatn vrir på sanninga.

– Venstre har ei heilt anna verkelegheitsoppfatning enn dei andre som faktisk var i desse forhandlingane, seier Storehaug.

Tore Storehaug i Sogn og Fjordane KrF

VILLE BRUKE MEIR: KrF og dei raudgrøne har hevda at dei ville bruke meir pengar enn Venstre i forhandlingane i Stortinget. Venstre seier dei braut forhandlingane fordi opposisjonen og KrF sitt forslag ikkje var forsvarleg pengebruk, men også fordi dei brukte for mykje pengar på store og lettdrivne bruk.

Foto: Espen Breivik / NRK

– Venstre var mindre ambisiøse

Storehaug og KrF er samde med Senterpartiet i at det var Venstre som var dei minst ambisiøse i forhandlingane i Stortinget.

– For oss var det viktig å sikre ei utjamning der bøndene får ei kronemessig utvikling der dei heng med oss andre, då må ein vere villig til å bruke budsjettpengar på det.

Rotevatn går med på at Venstre ikkje var villig til å ha ei like stor totalråme som Krf og dei raudgrøne, men hevdar likevel at det er Venstre som har det beste forslaget for til dømes mjølkeprodusentar på Vestlandet.

– Dei raudgrøne ville mellom anna bruke målprissystemet på ein måte som ville gjort det lønsamt for kornprodusentar i sentrale strok å heller byrje med grasproduksjon. Det ville vore dårleg for mjølkeprodusentar i Sogn og Fjordane, og det kunne vi ikkje gå med på.

Litt dårleg og litt bra

Leiaren i bondelaget i Sogn og Fjordane, Anders Felde, gir Venstre både litt rett og litt feil.

– Vi må jo vente til måndag før vi veit detaljane i Venstre sitt forslag, men det ser ut til at Venstre vil prioritere dei små og mellomstore bruka, og det er jo bra!

Anders Felde med Byrkjelo i bakgrunnen

LITT NØGD: Anders Felde og bondelaget er litt nøgd med Venstre, men skuffa over nivået på pengebruken.

Foto: Rune Fossum / NRK

Samstundes er Felde skuffa over at Venstre ser ut til å ha lagt seg på eit lågare nivå i pengebruk enn det som opposisjonen har ønska.

– Det er den dårlege nyheita, for det betyr at det blir vanskelegare å tette gapet mellom bøndene og dei andre inntektsgruppene i samfunnet.

Detaljane i Venstre sitt landbruksforslaget får vi vete då dei legg det fram for Stortinget på måndag. Det er allereie varsla at regjeringa kjem til å sikre eit fleirtal for forslaget.