To naust brann ned i Austevoll

Gassflasker gjekk i lufta då brannvesenet kom fram til brannen i Austevoll.

Brann i Austevoll

HAR KONTROLL: Brannvesenet blei møtt av to kraftige smell då dei kom til brannstaden i Oksebåsen i dag. Fleire gassflasker måtte kjølast ned for å ikkje eksplodera.

Foto: May Linn Clement, Marsteinen

– Det som møtte oss var to overtente naust. Det eine riktignok ein verkstad. Dei var heilt overtente då vi kom, fortel Lars Erling Horgen, i Austevoll brann og redningsteneste til NRK.

Brannvesenet fekk melding om brannen i Oksebåsen i 12-tida torsdag. Då var meldinga at det kunne vera stor spredningsfare.

– Akkurat då vi kom fram sprang to flasker med acetylen. Difor vart området evakuert med ein avstand på 300 meter. Men det er grisgrent strøk dette, så det var berre eigaren som var til stades. Han kom seg vekk i god avstand, fortel Horgen.

Kjøler ned gassflasker

Brannstaden ligg rett sør Rostøy langs vegen til Drøna vest i kommunen. Like før klokka 14 kunne brannvesenet melde om at dei hadde kontroll på brannen.

– Vi har kontroll, så langt det er mogleg no. Og det er ikkje fare for meir spreiing. Vi har også fått kjølt ned gassflaskene som sto att på brannstaden, fortel Horgen.

Laster kart, vennligst vent...