Hopp til innhold

Storbrannen i Lærdal er sløkt: Driftsbygning totalskadd

Deler av klyngetun blei totalskadd i storbrann i Lærdal. Kraftig vind og gassflasker som eksploderte gjorde sløkkearbeidet vanskeleg. Brannvesenet vil driva ettersløkking utover kvelden.

Brann Lærdal, 28. mai 2022

TOTALSKADD: Fleire hus i eit klyngetun er totalskadd etter storbrannen som braut ut laurdag ettermiddag. Fleire gassflasker eksploderte og eit større område blei sperra av.

Foto: Jan Christian Jerving

Brannvesenet fekk melding om brannen i ein låve ved Tønjum i Lærdal klokka 13.35. På Twitter melde 110 Vest at det brann kraftig og at det var kraftig vind.

Like etterpå melde brannvesenet at brannen hadde spreidd seg til to andre bygg i eit klyngetun beståande av ti hus.

Brnan i Lærdal 28. mai 2022

KRAFTIG BRANN: Mykje vind gjorde sløkkearbeidet utfordrande.

Foto: Jan Christian Jerving

Fleire eksplosjonar

Seinare blei det korrigert til at det berre var brann i eitt hus, forma som ein hestesko.

Driftsbygningen blei totalskadd i den kraftige brannen. Sterk vind og fleire gasseksplosjonar i bygningane gjorde sløkkearbeidet vanskeleg.

– Det har vore ganske bra brannintensitet og energi i denne brannen. Mannskapet har kjempa mot mykje svart røyk, ettersom det har vore oppbevart forskjellig jordbruksutstyr som traktordekk og gassflasker i denne driftsbygningen. Det har vore aktiv sløkkeinnsats frå alle sider av bygget den siste tida, seier fungerande vaktkommandør Morten Frantzen i 110 Vest.

Det var ikkje dyr eller menneske i nokon av bygningsdelane Det var heller ingen som blei meldt sakna.

Brann i Lærdal 28. mai 2022

RUINAR: Brannvesenet i Lærdal kjem til å driva ettersløkking i lang tid laurdag ettermiddag og kveld.

Foto: Jan Christian Jerving

– Kraftig brann

Blant dei første ressursane på brannstaden var lokale bønder med gyllevogner og slangar. Brannvesenet sende ut ressursar frå Lærdal, Aurland og Årdal. Hadde brannen spreidd seg vidare slik dei frykta, ville 110-sentralen ha kalla ut mannskap frå Vossevangen og Vossestrand, fortel vaktkommandøren.

– Dette var ein ganske kraftig brann, som spreidde seg raskt før dei først brannmannskapa kom fram, seier Frantzen.

Klokka 15 opplyste politiet at brannvesenet hadde ein grad av kontroll. Fleire flasker med acetylen og oksygen som stod på låven gjekk i lufta og skapte fleire eksplosjonar.

– Per no er det ikkje fare for ytterlegare spreiing. Det har stått fleire gassflasker med acetylen og oksygen i bygget, som har eksplodert. Dette har ikkje medført skade, men det har ført til fleire høyrbare smell, sa operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen til NRK.

Også andre maskiner med drivstofftankar, som var lagra i bygningane, tok fyr og small.

På grunn av den uavklarte situasjonen med gassflaskene sperra politiet av eit område i ein radius på 100 meter frå brannstaden. Det gjorde også at E16 blei stengd i ein lengre periode.

Brann i Lærdal 28. mai 2022

TRE STASJONAR: Brannfolk frå Lærdal, Aurland og Årdal rykte ut til bygningsbrannen. 110-sentralen planla å kalla ut mannskap frå Vossevangen og Vossestrand dersom brannen spreidde seg ytterlegare.

Foto: Jan Christian Jerving
Brann i Lærdal 28. mai 2022

BRANN: Brannen starta i ein låve og har spreidd seg til fleire bygg i eit klyngetun på Tønjum i Lærdal.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

Bønder stilte med sløkkevatn

Klokka 15.00 sa fungerande vaktkommandør Morten Frantzen i 110-sentralen at spreiingsfaren ikkje lenger var overhengande.

Kort tid etterpå, klokka 15.12, meldte innsatsleiaren i Lærdal at brannen var under kontroll.

Politiet jobbar laurdag ettermiddag med å skaffa heilt oversikt over kven og kor mange som bur i dei mange husa. Det er snakk om ti hus fordelt på klyngetunet, ifølge politiet.

– Veit de kva som er brannårsaka?

– Vi har fått nokre hint, men det kan ikkje vi uttale oss om, seier Frantzen og viser til politiet.

Klokka 17.02 melder 110-sentralen at storbrannen er sløkt.

Bygget er utbrend og totalskadd. Det vil gå føre seg ettersløkking i mange timar utover laurdag kvelds.

Brannvesenet har fått rekvirert ei gravemaskin, som vil venda materiale og bygningsdelar for å sikra at branntomta blir kjølt ned.

– Me kjem til å driva sløkking her i mange timar utover kvelden.

Brann i Lærdal 28. mai 2022

UTBREND: Fleire bygningar er utbrende og totalskadde etter brannen på Tønjum.

Foto: Jan Christian Jerving

Stor utrykking

Totalt har elleve køyretøy frå brannstasjonane i Lærdal, Aurland og Årdal hjelpt til i brannen. To bønder stilte opp med gyllevogner, men desse står enn så lenge på vent.

Vinden skapte dei største utfordringane for brannmannskapet.

– Det gjorde at brannen spreidde seg så mykje som den gjorde før vi kom fram.

Frå alarmen gjekk til den første brannbilen var på plass, gjekk det ifølge Frantzen 12 minutt.

– Rippar opp i gamle sår

– Det frys nedover ryggen når vi høyrer det brenn i Lærdal, seier lærdalsordførar Audun Mo.

Han er ikkje i heimkommune denne helga, men har vore i kontakt med mange i bygda.

I januar 2014 rauk mange hus med i ein storbrann i Lærdal.

– Dette rippar i gamle sår, seier Mo, og legg til;

– Men vi får prise oss lukkelege for at det trass alt berre er materielle skader, seier han.