Hopp til innhold

Eit bustadhus i Olden sto i full fyr

Bustadhuset er totalskadd. Det blir sløkking og ettersløkking i langt tid framover, opplyser 110- sentralen.

Brann i Olden.

FULL FYR: Det er store skader på huset som sto i full fyr.

Foto: Håvard Tonning

Brannen i bustadhuset i Muristranda i Olden er no sløkt, melder politiet 19.50.

Det var fire personar som hadde tilhald i huset. Ingen av dei er skadde og dei får no oppfølging og hjelp til husly.

Det kom inn melding klokka 17.43 om at eit bustadhus på Muristranda i Olden i Stryn kommune sto i full fyr.

Brannmannskap kom raskt fram til staden og starta sløkkinga.

Dei fekk raskt kontroll på brannen slik at det ikkje var fare for spreiing til nærliggande bustadar.

– Det var folk i huset då brannen starta og det var dei som melde frå om brannen, seier Tom Johannessen i Vest politidistrikt.

Politiet har ikkje fått melding om personskadar.

Heller ikkje Jostein Steinsland-Hauge i 110-Vest har fått melding om at nokon skal ha vore i huset.

Brann i hus i Olden i Stryn kommune.

FULL FYR: Det brann kraftig i huset. No er det totalskadd.

Foto: Olden Fjordhotel

Rune Nygård er dagleg leiar ved Olden Fjordhotel. Han var augevitne til huset som brann i byggefeltet bak fjordhotellet.

– Det var ein kraftig brann som såg eksplosiv ut. Brannmannskapet jobba for fullt på staden, seier Nygård.

Håvard Tonning var også augevitne. Han sa til NRK klokka 18:30 at dei kraftige flammane hadde roa seg.

Brann i Olden.
Foto: Håvard Tonning

Vil ettersløkke i lang tid

Alarmsentralen seier at brannen ikkje er sløkt enno, og at brannmannskap framleis jobbar på staden.

Det er ingen av husa i området som er evakuerte.

– Er huset totalskadd?

– Det torer eg ikkje svare på, men det har brent kraftig og er dunka kraftig i vatn.

Brannmannskap frå Utvik, Olden og Stryn er på staden. Klokka 18.45 opplyser 100- sentralen at huset er totalskadd og at det blir sløkking og ettersløkking i langt tid framover.

Jostein Steinsland-Hauge i 110-Vest opplyser til NRK 19.30 at brannen framleis ikkje er sløkt.

Kva som er årsaka til brannen er ukjent.

Brann i Olden.
Foto: Håvard Tonning

BRANN: Eit hus på Muristranda i Olden står i full fyr.